Treningsbana i Fonna

Treningsbana i Fonna er ei innegjerda bane med 2 meter høgt gjerde rundt og tilhøyrande brakke. Her er alt agilityutstyr, lydigheitsutstyr og rallylydigheitsutstyr tilgjengeleg for våre medlemmar.

Reglar for bruk av bane

  1. Hundar må luftast godt før dei kjem inn på bana.
  2. Bana er utelukka meint for trening av hund. Sosialisering og leik mellom hundar skjer utanfor baneområdet.
  3. Bruk av utstyr skjer på eige ansvar og skal takast godt vare på.
  4. Bana skal alltid ryddast etter bruk.
  5. Vis varsemd ved bruk av agilityutstyr på kvalpar og unghundar.
  6. Plukk opp etter hunden din og ta med posen heim, også utanfor området.

Det vert hengt opp kodelås på døra inn til bana. Koda får du gjennom å verte medlem på denne sida på facebook. Det er berre medlemmar som får tilgong. Dersom du ikkje har facebook tek du kontakt med oss på e-post eller med styreleiar på 97627882.

15. oktober vert agilityutstyret vinterlagra i brakka. Då vert også bana vinterstengt med vanlig hengelås. Dersom du har ynskje om å bruke bana etter denne datoen må du kontakte styreleiar. Nøklar vert berre lånt ut dersom det ikkje er snø. Kodelåsen kjem tilbake på våren, når faren for snø er over.
Me minner om at den offentlege nabolova krev nattero mellom 23-07. I tillegg er der eiga lov om helligdagar:
§ 3. Helligdagsfred På helligdag fra kl 00 til kl 24 samt påske-, pinse- og julaften etter kl 16 skal det være helligdagsfred som ingen noe sted må forstyrre med utilbørlig larm. Ved kirke eller gudstjenestested er det mens helligdagsfreden varer ikke tillatt å forstyrre gudstjenesten med unødig larm eller arbeid eller annen forstyrrende virksomhet.

Lånevilkår for nøklar/kode

Den som lånar nøkkel er ansvarleg for at reglane under vert holdt under opphaldet:

  1. Hundar må luftast godt før dei kjem inn på bana.
  2. Bana er utelukka meint for trening av hund. Sosialisering og leik mellom hundar skjer utanfor baneområdet.
  3. Bruk av utstyr skjer på eige ansvar og skal takast godt vare på.
  4. Bana skal alltid ryddast etter bruk 
  5. Vis varsemd ved bruk av agilityutstyr på kvalpar og unghundar.
  6. Plukk opp etter hunden din og ta med posen heim, også utanfor området.
  7. Nøklar må leverast tilbake etter avtale

Eg vedkjenner at eg har lest reglane for bruk av bana og lover å følge desse. Eg veit at brudd på desse reglane vil føre til at eg ikkje får låne nøklar til bana ved seinare anledning. Eg vedkjenner at eg er medlem av Ørsta og Volda Hundklubb og tek fullt ansvar for dei eg slepp inn på bana saman med meg.

Kart og forklaring
Stemnestad Fonna
Fonna treningsbane finn du ved å ta av til Sæbø i rundkøyringa i Ørsta. Deretter må du ta til venstre ved krysset før brua ved Malia. Her køyrer du retning kyrkjegarden ved Mosmarka. I svingen rett før kyrkjegarden tek du til venstre for så å køyre forbi ein Kiwi butikk. Her tek du til høgre etter Kiwi, opp Fonnavegen. Etter at du har passert Olavsgata og er snart på enden vil du sjå ein grusveg inn mot skogen på di høgre side. Denne grusvegen leiar deg rett inn til bana.