Trening og aktivitetar

Hundeklubben kan tilby varierte aktivitetar og treninga for deg og hunden din. Mellom anna agility, lydigheit, spor, utstilling og det viktigaste av alt sosialt samvære.
Me har faste dagar til dei forskjellige aktivitetane / treningane.

TYSDAGSTRENING

 IMG_1684
Tysdagane er det trening frå kl 18.00 og utover så lenge der er folk. Det er organisert trening der ein av oss i klubben sett i gong ei lita treningsstund frå 18.30. Dette er ei fin anledning til å vere sosial og snakke med andre med same interesse.

Tysdagstreningane vil foregå på Tussatun ovanfor flyplassen i Hovden.

Den ansvarlege for tysdagstreninga samlar dei som vil trene kl 18.30. På denne treninga trenar me alt frå kvardagslydigheit, utstillingstrening og liknande. Kven som er ansvarleg for tysdagen finn du under menyen «tysdagstrening».

AGILITY

agility
Der er for tida inga fast tid for agility. Dersom du har lyst å trene må du gjerne spørje folk på «Fellestrening med hund» på facebook. Agilitybana finn du i Fonna ovanfor Kiwi i Ørsta. Den har kodelås som du får gjennom sida Treningsbane – KUN for medl av ØVHK. Her vert berre betalande medlemmar godkjent medlemsskap. Dersom du ikkje har facebook, men er medlem kan du kontakte oss på epost eller telefon.

LYDIGHEITSTRENING

027
Me har konkurranseretta lydigheitstreninga måndagar klokka 18.00, som regel. Dette vert utlyst via Fellestrening med hund på facebook. Stad varierar. I nokre periodar av året vert treninga andre dagar grunna kvalpekurs eller andre hendingar.

RALLYLYDIGHEIT

122

Mandagar vert det også trent på rallylydigheit. Dette er frå klokka 18.00 og utover. Her er alltid skilt tilgjengelege. Denne treningane går ofte parallelt med lydigheit, og vert utlyst via Fellestrening med hund. Alt utstyr til rally er tilgjengeleg i brakka i Fonna. Ta kontakt for lån av nøkkel.

FELLES TURAR

IMG_20140603_191811

Me prøvar å ha nokre fellesturar per år som passar for både små kvalpe- og barneføtter og for dei større.

Fellesturar vert annonsert på heimesida.

JULEBORD

julebord

Det vert arrangert julebord kvart år i november/desember. Ei koseleg stund med god julemat og mykje prat. Julebordet vert annonsert i september.

Innspel er stengd.