Reglane for bruk av Fonna treningsbane, kvifor så strengt?

Me har den siste tida oppdaga at fleire av våre medlemmar har brukt treningsbana i Fonna som eit område for frislepp av hundar. Med frislepp meinar me at hundar vert slept lause til å leike seg saman på bana. Dette er eit klart brudd på reglane for bana, og me har diverre måtte sendt ut åtvaring til nokre av våre medlemmar.

Reglane for bana er ganske klare:

  1. Hundar må luftast godt før dei kjem inn på bana.
  2. Bana er utelukka meint for trening av hund. Sosialisering og leik mellom hundar skjer utanfor baneområdet.
  3. Bruk av utstyr skjer på eige ansvar og skal takast godt vare på.
  4. Bana skal alltid ryddast etter bruk.
  5. Vis varsemd ved bruk av agilityutstyr på kvalpar og unghundar.
  6. Plukk opp etter hunden din og ta med posen heim, også utanfor området.

Det er spesielt regel nummer 2 som kjem i konflikt her. Det er ingen tvil om kva regelen er, og likevel vel medlemmar å bryte desse. Derfor vel me no å forklare kvifor desse reglane er satt slik dei er, i håp om betre forståing.

Det er mykje agilityutstyr som står oppe i Fonna. Dersom hundar er lause på bana i leik har dei ofte lett for å hoppe over, klatre på eller gjere andre raske val rundt dette utstyret. Dette kan føre til skade på utstyr, og i verste fall skade på hund i form av fall, oppskraping eller liknande. Dette er sjølvsagt dumt både for klubben og for eigar av hundane. I tillegg kan hundar kome i trongsteg på høge stigar/møner, noko som kan by på lettare konflikter mellom hundane.

Her kjem me til neste punkt. Dersom to hundar skulle ryke saman og skade kvarandre på treningsbana vil dette setje Ørsta og Volda Hundeklubb i dårleg lys som klubb. I tillegg til at me automatisk vert blanda inn i saka, har me også fått ansvaret for noko me slett ikkje vil ha ansvaret for. Alle hundar er forskjellige, og det er ikkje alltid ein rekk å lese kroppsspråk mellom hundar i tide.

Det krevst ein del kunnskap for å sleppe hundar saman for at alle hundane skal få ei positiv oppleving. Det er ikkje alle hundar som har godt av å møte kvarandre. Det kan til dømes vere uheldig å sleppe ein stor, energisk hund saman med ein hund som er usikker eller liten. Dårleg erfaring i eit slikt slepp kan føre til problem med hundar i ettertid. Tenk derfor også over nytte opp mot risiko.

Hundar som leikar har gjerne lett for å springe rundt å markere. Dette er veldig dumt på ei treningsbane. Uhell skjer, men det er fint om utstyr og underlag ikkje byr på meir markering enn nødvendig. Dette vert ofte spesielt eit problem hjå agilityutstyret då ei markering gjerne byr fleire hundar til å gjere akkurat det same. Nedpissa utstyr er ikkje kjekt å styre med verken for mennesker eller hundar.

Ein annan ting som er verdt å tenke over er kva forventning du vil hunden din skal ha til hundetrening og treningsbane. Dersom ein hund vert slept i leik på ei treningsbane ofte vil dette føre til at hunden har forventning om leik under trening. Dette vil føre til at hunden vil ha ei utfordring med å halde fokus og kontakt med førar under trening. Du lærer hunden feil modus.

Me har forståing for at medlemmer søkjer eit innegjerda område i båndtvangen for å sleppe hundar lause. Treningsbana i Fonna er diverre ikkje rette staden. Me anbefalar heller å gå turar saman i bandvangstida då dette gagnar hundane på ein betre måte.

 

Legg igjen ein kommentar