Så senkar freden seg..

ovhkjul

Julekuler i glasa, snøkrystallar på bordet saman med konglar, lys og ei lita mus. Glitter og stas. Alt som høyrer med når Hundeklubben skal ha julebord. I går var Osberge Skisenter si vesle hytte pynta for gledje og fest. Maten var kjøpt inn frå Ørsta Camping, og desserten laga av Hildegunn. Ein kveld utan hundar må sjølv ein hundeklubb unne seg.

God mat, ein hundequiz og ei grubleoppgåve om sveler prega kvelden saman med godt prat. For praten går i godt lag. God stemning, ei verdig juleavslutning. Neste år håpar me ennå fleire kjem. De er alle hjarteleg velkomne!

No tek dei aller fleste aktivitetane i Hundeklubben juleferie. Tysdagstreningane byrja på igjen med friskt mot etter nyttår. Dersom nokon vil trene i romjula er det fritt fram. For å få med andre kan det vere lurt å skrive på sida «Fellestrening med hund» på Facebook.

No vil eg, på vegne av Ørsta og Volda Hundeklubb, ynskje alle medlemmer ei riktig god jul, og eit hundefullt nyttår! Ta godt vare på hundane i jula!

Christmas is truly enhanced by the presence of a furry friend.

Nytt bilete og julebord!

 

cropped-Desember-2013.jpg

I desember vert det Miko, Eccho og Celia som skal pryde heimesida. I tillegg til det nye bilete vil eg minne om at fredag den 6. desember går fristen ut for å melde seg på julebord. For å melde deg på må du sende ein mail til hundeklubben@ovhk.com. Påmeldinga di er ikkje registrert før du får ein e-post tilbake.

Julebordet i år vert på Osberge Skisenter sitt lokale. Det vert fredag den 13. desember klokka 19.00. Der skal me kose oss med julemat og enkel underhaldning. Alle må ta med drikke sjølve. Det brukar å vere mykje kjekke folk og ei riktig god stemning. Her kan ein kvar medlem unne seg ein sosial kveld utan hund med godt samvet! 🙂

Vel møtt!

Kvalpekurset er over!

Laurdag den 26. oktober starta årets kvalpekurs opp. 18 ekvipasjar var klare for å lære kvalpane noko og få inspirasjon til vidare hundetrening. Kurset starta på Volda Røde kors hus. Der hadde me to timar teori. Mellom anna snakka me om barn og hund, læringsvegar og øvingane me skulle gå gjennom. Alle fekk utdelt eit teorihefte til odel og eige.

Etter teoriøkta delte me oss inn i tre grupper, fordelt på dei tre instruktørane Else Marie, Hildegunn og Anita. Me fordelte oss utover grusbana i Ørsta og starta heile kurset med leik og kontakt. Det var diverre vått og trist denne dagen, men deltakarane og hundane kom heldigvis med friskt mot.

cropped-oktober13-Shayla.jpg

Søndagen møtte me også i Ørsta. Me fekk finever og byrja dagen med spor. Dette tykte mange av hundane var kjempe kjekt, og eigarane var flinke og lærevillige. Etter ei kort matykt byrja me på sitt og avslutta dagen med fart og spenning i innkalling.

Stemne9

Komande torsdag var det på an igjen. Då møttest me på Tussa. Her fekk deltakarane prøve seg på dekk og gå fint. Neste torsdagen fekk hundane bruke hjerneceller i mentaltrening og prøve seg på lydigheitsøvingane på plass og lineføring. Denne torsdagen regna det veldig mykje, og det var ikkje så veldig mykje lettare siste torsdagen. Då hadde me oppsummering av alle øvingane.

sheltiekvalp

Gjennom kurset har 15 forskjellige raser, 18 forskjellige hundar, 18 forskjellige eigarar, fått prøve seg på livet som hundetrenar. Dei har fått prøvd seg i fint ver, og dei har fått prøvd seg i dårleg ver. Me håpar at alle har hatt ei positiv oppleving, og ynskjer alle velkomne til å trene vidare saman med oss, tysdagar på Tussa frå 18:00.

Tusen takk for at nettopp DU deltok!

Julebord og møtereferat!

Tysdag den 29. oktober hadde styret møte. Der snakka me litt om korleis stemne gjekk, og så byrja me på den saka som var viktigast; julebord. I tillegg er den nye framsidehunden komt på plass. Denne gongen har Anja vorte den heldige.

Julebordet i år vert på Osberge Skisenter sitt lokale. Det vert fredag den 13. desember klokka 19.00. Der skal me kose oss med julemat og enkel underhaldning. Alle må ta med drikke sjølve. Det brukar å vere mykje kjekke folk og ei riktig god stemning. Her kan ein kvar medlem unne seg ein sosial kveld utan hund med godt samvet!

Høyres dette ut som noko for deg?

Bindande påmelding sendast til hundeklubben@ovhk.com innan 6. desember.

Vel møtt til eit fortreffeleg julebord! 🙂

Kvalpekurset startar laurdag

No er påmeldingsfristen på kvalpekurset ute, og kurset er fullt. Laurdag brakar det laust med 18 håpfulle kvalpar og unghundar med eigara på slep. Instruktørane gled seg stort og håpar hundar som eigar gjer det same. Kurset vil fokusere på å skape eit godt treningsgrunnlag og samhald mellom eigar og hund.

8veke

For dei som ikkje fekk vere med denne gongen vert det ny sjanse i vår.

Vel møtt til alle kursdeltakara! 🙂

Nytt forsidebilete..

Då var september over, og det var tid for å skifte ut forsidebilete. Månadens hund denne gongen er den 4 månaders gamle westien Shayla. Eigaren er Liv-Kristin Eriksen. Shayla skal no pryde heimesida i ein månad. Shayla ser ut til å nyte hausten. Det håpar me fleire hundar og eigara gjer der ute. Hausten er ei fin tid for turar og andre hundeaktivitetar. Nyt dei fine dagane.

cropped-oktober13-Shayla.jpg

Har du lyst å sjå din hund på toppen av heimesida? Send inn bilete til hundeklubben@ovhk.com. Kanskje er det nettopp din hund som vert månadens hund i november!

Me minner og om at der fortsatt er ledige plassar på kvalpekurset. Meir informasjon om dette finn du her.

God haust! 🙂

spesialsøk – ein leik for alle hundar!

I vår tok vi kontakt med Stig Meier Berg som driv kurs innen spesialsøk, og lurte på om han kunne tenke seg å halde kurs her i Ørsta.  Det takka han ja til og kurset vart raskt fullteikna.  Og endelig kom helga då vi skulle få snuse på dette spennandes kurset som vi hadde sett fram til lenge.  Fredag starta med teori, og Stig hadde mykje på hjartet. Ikkje berre om spor og søk, men også om korleis enn elles  får eit godt hundehold og tips slik enn kunne berike ein kjedelig kvardag med enkle lydigheitsøvelsar.

015

Laurdagen starta vi kl.09 med friskt mot, no skulle vi endelig få sjå hundane våra i aksjon.  Det vart mange aha opplevingar i positiv forstand, ikkje alle kjente hunden sin så godt som dei trudde. Hundane fekk 5 runder kvar på plattformen i løpet av helga, og innimellom var det drøfting og teori.  Alle gjorde stor framgang same dagen og det var veldig tydelig dagen etterpå at dette huska dei.  Inn i lokalet og rett opp på bordet! Dette ville dei ha meir av, og somme hundar kunne enn nesten ikkje få av bordet att.  Tydelig at hundane likte denne type arbeid.

023

På slutten av dagen søndag, så kunne hundane gjennkjenne lukta av Yellow Label te, og fleire av eigarane hadde til og med lært seg å leike med hundane sine.  Alltid kjekt når enn får litt meir enn det enn har betalt for. Takker instruktør Stig for eit flott og lærerikt kurs, og vi har allereie planer om enda eit modul 1 kurs, så dersom du kunne tenke deg å bli med så har du sjansen seinare.

039

Fleire bilete finn du her! 🙂

Kvalpe og unghundkurs!

AnjakvalpDen 26. oktober startar kvalpe og unghundkurset. Du kan allereie no melde deg på. For å sjå meir info, og for å sende inn påmelding, sjekk ut kurs. Dette kurset basera seg på kvardagslydigheit med smak av både mentaltrening og spor. Ver med å gje deg og kvalpen ein god start for eit lydig og lykkeleg liv! Hugs at me berre har 18 plassar, fyrste mann til mølla.

Vel møtt!

Stemne i Agility, Lydigheit og Kvelpeshow 7. september 2013

IMAG2260

Skodda låg tungt i fjella denne laurdagen, og veret lurte på så mangt. Klokka var ikkje mykje når utstillingsplassen byrja fylle seg opp med ivrige medlemma av Ørsta Volda Hundeklubb. Dei var langt frå mange folk, men dei som stilte kom med eit mot av gull. Ringbanda og andre smådetaljar kom opp allereie fredag, men no skulle finpussen og stasen på plass. Premiar, telt, bord, stolar, og andre ting eit stemne som dette krevde.

Stemne8

Dommaren i Lydigheitsringen var mest ivrig, og danna den ringen som kom fyrst i gong. 17 ekvipasja var påmelde til dette stemnet. Klasse 1, Klasse 2 og Klasse 3. Dei håpfulle, og mest sannsynleg nervøse eigarane stod tålmodige å venta på sidelinja, medan ein og ein fekk kome inn å få sin dom. Der var stor variasjon i rasene. Det skal nemnast at ein kunne oppleve alt frå den kjende border collien til den  vesle pomeranian i ringen. Mykje gode ekvipasjar.

Stemne6

I agility var der 55 ekvipasjer påmelde. Her kunne ein også oppleve stor variasjon innanfor rasene, men nokre rase dominerte meir enn andre. Her var det fart, lyd og spenning. Gjennom 17 forskjellige størrelsa og nivå sprang hundar og eigara gjennom løypene. Over, under, gjennom, slalom og resten av dei imponerande hindera. Både hund og eigar fekk nok kaurt seg her.

Stemne15

I kvalperingen kunne du finne 32 kvalpar i dag, fordelt på 24 forskjellige raser. Ein kunne skimte den vennlige kjempa, Irsk Ulvehund, medan Russian toy kvalpen held seg meir på bakkenivå. Mange flotte oppstillingar og lovande kvelpar for vidare utstillingskarriere. Gratulere så mykje til BIS og andre vinnare i BIG og BIR. Stemne BIS kvalp

Stemnet vart nok eit år vellukka. Dette året fekk me i tillegg oppleve opphaldsveir. Er ikkje å takke nei til det. Me håpar alle som deltok, såg på, hjalp til eller i det heile møtte, hadde ein flott dag på Ørsta og Volda Hundeklubb sitt stemne. Til slutt vil klubben rette ei stor takk til alle dei folka som gjor det mogleg å få til stemnet nok ein gong og takk til dommara, ringsekretæra og skrivarar og ikkje minst til dei som deltok. Tusen takk til dugnadsgjengen, og eldsjelene som held stemnet i live.

Takk for i år!

Møtereferat, barn og hund og nytt forsidebilete!

I dag var det styremøte. På styremøtet handla det hovudsakleg om stemnet, og eventuelle manglar eller løysingar. Det vart avgjort på stemne at me diverre må avlyse barn og hund. Me beklagar til dei dette måtte medføre problem for. Vidare vart det avgjort at kvalpe og unghundkurset skal byrje i oktober, og at datoar og opning for påmelding skal kome fortløpande. Ellers set me no vårt fulle konsentrering om stemnet til helga. Me håper mange vil kome å delta, og tilby gjerne ei hand dersom du har ei til overs.

cropped-Septembercopy.jpg

Det er no komt nytt forsidebilete. Dette er ein korthårscollie ved namnet Isis. I hjørnet kan ein skimte Luna, som og er korthårscollie. Bilete er sendt inn av Åshild Tuvik Kleppe. Tusen takk for ditt bidrag! 🙂