Rallykurs med Berit Smaaland

Denne helga var det rallykurs med Berit Smaaland som stod på kalendaren. Ranveig Isene var hjelpeinstruktør. Fokus denne helga var å verte litt orientert om dei nye reglane som kjem etterkvart i rally og trene etter ynskjene til dei ulike ekvipasjane.

IMG_0471 (2)

Det var seks ekvipasjar påmeldt til kurset. Dette var av ulike raser og erfaringar. Kurset starta allereie fredagskvelden med to timar teori.Thareq

Laurdagen starta me alle med friskt mot til nye øvingar og ulike kombinasjonar som ingen av ekvipasjane hadde vore bort i før. Dette satte både hovudet til eigar og hund i gong.

IMG_0386_2

Etter kvart som timane gjekk vart også oppgåvene frå instruktør meir utfordrande. I tillegg dreiv Berit med shaping på førarane for å få dei til å gjere ting utan at ho masa. No skulle ein få erfare korleis det er å vere hund.

IMG_0399 (2)

Søndagen fortsatte kurset med friskt mot. Då starta me dagen med ein liten «konkurranse» for å få riktig setting og følelse. Her fekk kvar ekvipasje gå to klassar kvar.

IMG_0497 (2)

Etter konkurransetreninga var me over på dei siste nye øvingane me ikkje hadde prøvd og endeleg gjekk me ut å prøvde ulike agilityhinder.IMG_0436 (2)

Til slutt vart førarar og hund utfordra med rallystafett. Etter oppsummering kan det sjå ut som at alle var samde om at det var eit gildt kurs. Velkomen attende, Berit!

 

Mars 2017

mars

Månadens hund er sendt inn av Daria Dahl.

Så banka våren på døra. Vidaregåande kurset i kvardagslydigheit er godt i gong, og tysdagstreningane går som vanleg. Minner om at de finn oversikt over kva tid der er instruktør her.

Når det er bart står Fonna til disposisjon for våre medlemmar. All informasjon om bana og kvar du finn koda finn du under fana om treningsbana her på heimesida. Me minner om at du må ha betalt medlemsavgifta for 2017 for å vere medlem. Det vert skifta kode på låsen denne veka, og ny kode vil verte oppgitt på facebooksida til treningsbana.

På årsmøte vart det nytt styre. Anita Løvik fortsetter som leiar, Hildegunn Bondhus som nestleiar, Inger Kvam kjem inn som kasserar, Hege Lystad sekretær og Else Marie Halse Ressem er vara. Etterkvart vert det også lagt ut referat under møtereferat.

Neste påmeldingsfrist er 10. mars. Det er fristen for rallykurset me skal ha med Berit Smaaland. Kvalpekurs, agilitykurs og sporkurs ligg også ute. Håpar å sjå mange av dykk framover!

Februar

image1

Månadens hundar i februar er Maya, Dylan, Hilma og Ayla. Bilete er sendt inn av Hildegunn Bondhus.

Februar er i gong. Det er barmark og milde temperaturar foreløpig. Det ser også ut til at det skal vere fint vêr dei neste dagane. Perfekt til å trene hund og vere ute. Me minner om tysdagstreningane. Sjekk oversikta vår under trening og aktiviteter på kva tid der er instruktør og ikkje.

Alle kurs ligg ute med open påmelding. Fyrste som skal starte opp er vidaregåande kurs for dei som har gått eit kvalpekurs. Påmeldingsfristen for dette kurset er 8. februar. Du finn meir informasjon og link til påmelding her. Du finn også informasjon og lenkje til dei andre kursa på same staden.

Neste tysdag (14. februar) er det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19:00. Alle medlemmar har stemmerett og må gjerne delta dersom dei vil vere med å bestemme.

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Rekneskapet
  4. Val av styre
  5. Eventuelle saker som har komt inn

Innkalling til årsmøte og kurs

Då er me komt til den tida av året då det er tid for å sjå tilbake på året som har gått. Tysdag 14. februar vert det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19.00. Denne dagen vert det ikkje instruktør på Tussa då me håpar alle medlemmar tek turen på årsmøtet. På årsmøtet går ein gjennom året som har gått i høve hendingar og rekneskap. I tillegg vert det valt nytt styre. Det gamle styret vil legge fram forslag om nytt styre som vert stemt over. Dersom du som medlem har ei sak du vil ta opp på årsmøtet kan denne sendast inn til styreleiar på epost hundeklubben@ovhk.com innan 31. januar. Sakliste for styremøtet finn du her.

IMG_8697 (2)

Eg vil også informere om at no kan du melde deg på alle dei ulike kursa me har lagt ut for vår/sommar. Dette er kvalpekurs, vidaregåande kurs, sporkurs, agilitykurs og rallykurs. Ta ein kik inn på denne fana for å sjå meir informasjon!

Godt nyttår medlemmar!

20161011_175301_resized

Årets fyrste hund som pryder heimesida vart Balto. Flott at så mange har sendt inn bileter. Det er berre å sende inn til oss!

No er det nytt år og nye moglegheiter. Det er også tid for å betale medlemsavgift for året 2017. Håpar du vil fortsette å vere medlem med oss. Prisen for eit år er berre 250,- kr. For å vere medlem i ein hundeklubb må du vere medlem av nkk. Her er eit lite beløp i tillegg.

Neste tysdag (10. januar) startar me opp att tysdagstreninga på Tussa. Her vert det instruktør frå 18.30 annan kvar tysdag fram til påske. Du finn oversikt over dette her. Etter påske satsar me på å ha instruktør kvar tysdag. Då vert også treningane flytta tilbake til Fonna hundebane.

Om ikkje lenge startar me påmeldingar til dei ulike kursa me har frista med. Så følg med på heimesida og på facebook. Me håpar alle er klar for eit fantastisk hundeår!

Ventetida er i gong..

img_2240

Då var fyrste dagen i desember i gong og ventetida til julafta er starta. Bilete av denne flotte nuffen er sendt inn av Henriette Nupen. Du kan også sende inn din hund til vår e-post adresse eller på facebook. Alle hundar kjem med til slutt!

Om to dagar er det årets julebord for hundeklubben. Anna enn dette julebordet er det ikkje så mykje anna så skjer i denne månaden. På tysdag den 6. desember vert det siste tysdagstrening med instruktør på Tussa i år. Då er det omvendt lokking som står på agendaen. I tillegg vert det som alltid positiv sirkel og innkalling. Sjølv om dette er siste tysdagstreninga i år med instruktør, er det likevel fritt for folk å møte til eigentrening andre tysdagar.

Til våren har me mykje spennande kurs på planen. Dersom du kikar under fana «kurs» her på heimesida kan du bla deg i gjennom alle planane våre. Dei fleste kursa opnar for påmelding like over nyttår. Er du nysgjerrig på kva styret planlegg og snakkar om kan du kike på fana «møtereferat».

Me i styret vil takke for året som har gått. For dei eldsjelene som har hjulpe oss på rallystemne og dei som hjalp til på kvalpeshow og lydigheit. Me takkar for alle som har møtt på treningar og dugnad og håpar å sjå gamle og nye fjes aktive i året som kjem.

Riktig god jul og godt nyttår!

November bankar på..

mndhundnov

Månadens hund for november er Molly. Bilete er sendt inn av Kari-Anne Stenersen.

November er no framfor oss og straks står snøen klar til å ta over etter ein svært solrik oktober. I høve dette skal agilityutstyret pakkast vekk og Fonna skal vinterstengast. Du finn meir informasjon om korleis du kan bruke bana her. Møt opp i Fonna 6. november klokka 15. Då tek me agilityutstyret inn. Hendinga er oppført her. Det er også mørkt om kveldane no, og sidan me ikkje har fått lys i Fonna vil tysdagstreningane frå etter haustferien (veke 41) foregå på Tussa.

ovhkjul

Den neste store hendinga i klubben er årets julebord. Datoen er no satt til 3. desember. Dette vert i Ørstaområdet. Lokale er litt avhengig av kor mange som melder seg på. Du finn meir informasjon her. Der finn du også påmelding. Håper du kan kome og vere sosial saman med oss!

I tillegg kan du no gå inn på sida vår om kurs. Her vil du sjå at me har ein del planar når det kjem til våren 2017.

Stemne hausten 2016..

På ei regnfull grusbane i Ørsta sentrum var det mange som møtte spente opp denne laurdagsmorgonen. Nokon skulle konkurrere i lydigheit for fyrste gong, andre var drevne. Nokre kvalpar hadde aldri vore i ein ring før, andre hadde vore mange gangar. Alle hadde ulike utgangspunkt, men alle konkurrerte om premier, titlar eller kanskje berre i konkurranse mot seg sjølv. Rundt ringane var det god stemning trass det sure vêret.

IMG_2667

I kvalperingen var det denne laurdagen 15 ulike raser i totalt 22 påmeldte. Den gjeve Best In Show (BIS) tittelen var det ein liten Fransk Bulldog som stakk av med. På andre kom ein flott Whippet, etterfølgt av ein Dvergpinscher og til slutt ein Siberian Husky. Dommaren for dagen var Torill Dønheim i god hjelp frå ringsekretær Siv Jensen.

IMG_2620

På barn og hund var det fire stykker som deltok. Her har de den stolte vinnaren.

20160903_123108

I lydigheitsringen var der 12 påmeldte fordelt på klasse 1, 2 og 3. Dommar for dagen var Roar Holmen. Frode Grande var god hjelp som digital skrivar i teltet også. Fellesdekk var nok meir i søyler denne dagen, enn på sjølve grusen. Det var ikkje alle hundar som synes dette var heilt greitt. Ein mann på sidelinja gav til og med utsagnet: «Eg hadde ikkje ville såtte naken der eg heller!» Fyrste mann og hund fekk heftig regnvær som forstyrring, men heldigvis letta det etterkvart.

Tusen takk til Inger Kvam som stilte opp for oss på kjøkkenet, for Bjørg som hjalp med litt forskjellig, til Siv Jensen som var så snill å vere ringsekretær i kvalperingen, til Frode Grande som stilte i LP-ringen og til dei to dommarane. I tillegg takkar me alle som deltok for nok eit gjennomført stemne i Ørsta. Det er beklagelig å meddele at det ikkje vert noko neste år då me er for få folk, men forhåpentligvis kjem me sterkare tilbake etterkvart. Fleire bileter her.

IMG_2626

Takk for denne gong!

Då brakar hausten laus!

Månadens hundar er Lassie og Donna som er eigd av Marianne Sørheim.

Påmeldingsfristen for kvalpekurset er no ute, og me tek ikkje fleire ettermeldingar. Det vert ein bra gjeng på kurs også i haust. Alle skal ha fått ein e-post med informasjon om kurset. Me gled oss stort til å kome i gong.

Vidare har me endra informasjonen om treningsbana på Fonna. Alt du treng å vite om denne finn du her.

Tysdagstreningane startar opp att komande tysdag, 23. august. Då vert det positiv sirkel og innkalling. I tillegg prøvar me å snakke saman og verte kjent. Tysdagstreningane vil fram til 1. oktober foregå på Fonna treningsbane. Informasjon finn du på lenkja over.

Minner om kvalpeshow og lydigheitsstemne 3. september. Sjå her for meir info.stemne

Juni 2016!

månadens hund juni

Månadens hundar i juni er Miko, Kamots og Thareq. Det er Hege Lystad som har sendt inn bilete. I juli vert det ingen månadens hund, men send gjerne inn forslag til august. Då har du god tid å ta flotte bileter i løpet av ferien!

I juni skal det i utgangspunktet ikkje skje så mykje, men det som skjer er viktig for klubben. Tysdag som var hadde me ein flott dugnad på Fonna. Fleire medlemmar møtte for å hjelpe til med godt mot. Me takkar alle saman for dette og håpar fleire får nytte av bana vår når me er ferdige.

dugnad

Komande tysdag vert det ny dugnad i kombinasjon med sumaravslutninga. Alle som har anledning møter i Fonna klokka 18.00. Her spanderar klubben lett grillmat og drikke til dei som hjelper til. Etter ei god dugnadsykt vert det sjølvsagt spurtkonkurranse med premier og kanskje nokre godbitar til eigarane. Ta med ein hammar og godt humør, så får me ei hivens avslutning der me også vert ferdig med hundebana for ein ny sesong.

Etter sumaravslutninga tek treningane på Tussa sommarferie fram til august. Det vil seie at der vert ingen instruktør. Det kan likevel vere at folk tek turen for trening. Du kan følge gruppa «Fellestrening med hund» på facebook for å halde deg oppdatert om folk er interessert i å trene, eller du kan spørje andre om å delta på trening.

Til slutt vil me minne om stemnet som skal vere 3. september. Her vert det anledning til å gå lydigheit eller stille kvalp mellom 4- 9 mnd i vårt kvalpeshow. I tillegg vert det sjølvsagt påmelding til barn og hund på staden. Du finn all informasjon du treng her.

Ein riktig god sommar til alle medlemmar!!