Møtereferat, barn og hund og nytt forsidebilete!

I dag var det styremøte. På styremøtet handla det hovudsakleg om stemnet, og eventuelle manglar eller løysingar. Det vart avgjort på stemne at me diverre må avlyse barn og hund. Me beklagar til dei dette måtte medføre problem for. Vidare vart det avgjort at kvalpe og unghundkurset skal byrje i oktober, og at datoar og opning for påmelding skal kome fortløpande. Ellers set me no vårt fulle konsentrering om stemnet til helga. Me håper mange vil kome å delta, og tilby gjerne ei hand dersom du har ei til overs.

cropped-Septembercopy.jpg

Det er no komt nytt forsidebilete. Dette er ein korthårscollie ved namnet Isis. I hjørnet kan ein skimte Luna, som og er korthårscollie. Bilete er sendt inn av Åshild Tuvik Kleppe. Tusen takk for ditt bidrag! 🙂

Ledig plass på kurs og møtereferat

I dag har styret i Ørsta Volda Hundeklubb hatt møte. Dersom du lurer på kva styret planlegg eller snakkar om, fins der no eiga side for dette i hovudmenyen; møtereferat.

Ein deltakar har trekt seg på kurset i spesialsøk, dermed er det EIN ledig plass på kurset. Dersom du skulle ha interesse for eit kurs innan spesialsøk kan du lese meir om dette kurset her.  Minner ôg om at det vert arrangert eit klikkerkurs i september. Det finn du meir informasjon om her.

Håper alle brukar god tid på hundane i finevêret.

Ha ein vidare fin sumar! 🙂

Stemne – Lydigheit, agility og kvalpeshow

ARRANGERT AV:
ØRSTA OG VOLDA HUNDEKLUBB

LAURDAG 7. SEPTEMBER 2013

DOMMARAR:

LYDIGHEIT: Roar Holmen
AGILITY: Simen Noel
KVELPESHOW: Ian Denton
Stemnet startar kl. 10.00.

PLASS:
Grusbana på Ørsta Stadion (v. Ungdomsskulen), det vert skilta frå sentrum.

PÅMELDING:
Ordinær frist 12. august, utvida frist 20. august.
Påmelding via NKK sine sider www.nkk.no

PRIS:
LYDIGHEIT, AGILITY, AGILITYHOPP: 350,-.
AGILITY+AGILITYHOPP(SAMME HUND): 350,-.
LYDIGHEIT+AGILITY OG/ELLER AGILITY HOPP (SAMME HUND) : 440,-.
AGILITY LAG: 200,-
KVALP(4-9 MND): 200,-.

Det vert også Barn og Hund kr. 50,-.
Påmelding i sekretariatet stemnedagen.

VED SPØRSMÅL KONTAKT:
Hildegunn Bondhus: 90 19 28 62, rbondhus@online.no

Stemnet er sponsa av: