På tur med hundeklubben..

IMG_20140603_191655

I dag var det tur saman med hundeklubben. Turen var planlagt til å gå rundt Bjørdalsvatnet. Derfor samla alle bilane seg ved kanten av vatnet, klar til avgong. Allereie før avgong var dei fleste hundane komt ut i vatnet for å «varme opp». Veiret var mot all forventning.

IMG_20140603_191627

Det var ein lystig gjeng som sette av garde. Der var minst 12 hundar som var klare for tur saman. Dette var god trening både for eigar og hund. Sola var med oss heile vegen inn i botnen av vatnet. Der inne møtte me vår fyrste utfordring på turen; stein og jordskred.

IMG_20140603_191739

Med ein slik lystig gjeng var ikkje dette noko til utfordring. Me klatra oss over og fann att vegen på den andre sida. Det er viktig at ein får litt utfordring i kvardagen, både hund og eigar.

IMG_20140603_191333

Denne koselige trioen fann eg på ein stein. Dei hadde satt seg for å skape eit perfekt portrett for mitt kamera. I tillegg hadde dei nok også ein misjon om å samle flokken. Det fekk dei veldig fint til. Vår siste utfordring på turen var kviger. Det viste seg derimot når me kom fram til dei at dei slett ikkje var interessert i oss. Problemet var altså løyst før det byrja.

IMG_20140603_191405

Vel tilbake til start var det igjen badetid. Hundane synes nok dei fortjente dette etter å ha kava med oss folket heile vegen rundt vatnet. Fleire hundar la på svøm. Ein kunne nok lure om dei nokon gong ville kome tilbake, men eg trur dei alle var på plass då me skulle reise.

IMG_20140603_191811

Som ei avrunding av turen drog me fram litt mat. Hildegunn spanderte mellom anna pølser, og nokre prøvde seg på å gje vekk kjeks. Der var nokre lange snutar som også ville ha pølser, men me greidde å få ti oss likevel.

IMG_20140603_191435

Alle var samde om at det var ein gild tur!

Legg igjen ein kommentar