Me går frå vinter til vår..

Månadens hund er Boss, sendt inn av Laila Bjørkedal. Send inn ditt bilete til hundeklubben@ovhk.com om du vil DIN hund skal pryde heimesida ein månad!

Mars byr på varmare dagar, meir dagslys og varmare sol. Starten av månaden har vist ganske mange kalde, men me veit kva veg det tek. I høve varmare dagar er det no byrja å passe betre å ha kurs igjen. Allereie til helga vert det nybyrjarkurs i rallylydigheit.

I palmehelga får me svenske Anna Larsson på besøk. På dette kurset har me no EIN plass igjen med hund. Dette er også eit fint kurs å vere observatør på. Då betalar ein mykje mindre, men lærer mykje ved å observere dei andre. Etter påske startar kvalpekurset opp. Det gjer også bronsemerkekurset. Me håpar medlemmane ynskjer å nytte høva til å gå kurs. Bronsemerkekurset er ei ypperleg fortsetting til kvalpekurset. All påmelding og meir informasjon finn de her.

Tysdagstreningane fortsett slik dei har gjort. Liste over kva tid der er instruktørar finn du her på heimesida under trening og aktivitetar. Det er også større stemning for å trene andre dagar i veka. Då vert dette ofte lyst ut gjennom sida «Fellestrening med hund» på facebook. Dette er ei side som ikkje går gjennom klubben, men som me gjerne reklamerar for for å fremje aktivitet med hund i området.

6. mars vert det årsmøte i hundeklubben. Dette vert på Bondhus Trafikkskule klokka 18.30. Sakliste og meir informasjon finn du under «hendingar»: Me håpar medlemmar som ynskjer å kome med innspel eller seie si meining møter til møtet og viser engasjement.

Nyt mars!

Legg igjen ein kommentar