Kurs

Mange kurs står i planane, og dersom det let seg gjere vert dei ført opp her. Ta kontakt dersom du har ynskjer eller spørsmål. Alle kurs skal betalast til kontonummer: 3992 40 11037.

KVALPE OG UNGHUNDKURS VÅR 2019

Neste kvalpekurs vert rundt påske til våren. Her vil me ta føre oss grunnleggande ferdigheiter og kvardagslydigheit basert på positive treningsmetodar. Me vil også ta omsyn til dykkar ynskjer. Dersom det vert mange hundar som er eldre enn året vil me dele kurset til eit kvalpekurs og eit unghundkurs.

Pris er 1000 for medlem og 1500 for ikkje medlem.

BRONSEMERKEPRØVE

Ta kontakt dersom du skulle ynskje å gå opp til prøva.