Juni, ein siste innsats før ferie!

467

Månadens hundar er Isis og Felix som er sendt inn av Åshild Tuvik Kleppe. Eit bilete med god sommarstemning, og til og med ei lita krabbeklo.

Juni er godt i gong, og sommarferien står og bankar på døra vår. I kveld er siste tysdagstrening med instruktør før ferien. Neste tysdag, 14. juni, er det nemleg allereie sommaravslutning på tysdagstreningane. Her kjem me til å sette opp ein grill, så bestill fint vêr. Du finn informasjonen du treng om denne avslutninga her.

Det er lurt å fortsette å trene hund utover i ferien. Hugs å ta med godbitar på ferie. Det er ikkje mange minutta som skal til kvar dag for at ein vedlikeheld det ein allereie har trent på. Det er også fullt mogleg å trene hund på Tussa tysdagane sjølv om der ikkje er instruktør. Informer gjerne kvarandre på facebook eller andre stadar slik at fleire kan nytte høve.

Det var eigentleg tenkt eit kurs i konkurranselydigheit til helga. Dette måtte me diverre avlyse grunna for lite interesse. Me prøvar oss med nye kurs til hausten. Ta gjerne kontakt dersom du har ynskjer om kurs. Me set gjerne opp ulike kurs, og gjennomfører dei dersom nok er interesserte!

Hugs å kjøle ned hundane i ferien.

GOD SOMMAR!

Legg igjen ein kommentar