Hendingar


På denne sida finn du informasjon om hendingar som ikkje er relatert til kurs. Dette kan vere innkallingar til ekstraordinære møter, avslutningar, turar eller liknande.

JULEBORD 2017

Årets julebord er satt til datoen 1. desember. Me håpar flest mogleg av våre medlemmar har lyst å vere med på dette. På julebordet vert det servert mat som høver dei fleste (koldtbord). Ein tek med det ein vil drikke sjølv. Me brukar også å ha ein liten quiz og ellers vert det mykje prat. Meld deg på for ein koseleg kveld. I år, som i fjor, vert julebordet på Bondhus Trafikkskule. Påmelding finn du her.

 

 

 

 

 

INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2016

Årsmøte vert 14. februar klokka 19.00 på Bondhus trafikkskule.

Alle medlemmar har stemmerett og må gjerne delta dersom dei vil vere med å bestemme. Har du ei sak som bør takast opp på årsmøtet må den sendast inn til styreleiar innan 31. januar.

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Rekneskapet
  4. Val av styre
  5. Eventuelle saker som har komt inn

 

Innspel er stengd.