God sommar!

Sommaravslutninga vart diverre avlyst, men sommaren er likevel i gong. I juli vil det nok vere veldig stille frå oss, men i august er me i gong igjen.

Sjølv om me tek sommarferie er det ofte likevel aktivitet på tysdagar på Tussa eller folk som trenar gjennom sida til Fonna Hundebane eller Fellestrening med hund på Facebook. Du finn informasjon om dei ulike sidene under fana til trening og aktivitetar og under treningsbana i Fonna.

Påmelding for kvalpekurs vil opne i slutten av juli. Datoar er allereie satt. Sjekk ut dette under kurs.

Me minner om å passe på hund i bil dersom sola kikar fram, og generell god framferd dersom me skulle få varme og fint vêr.

Med dette vil me ynskje alle våre medlemmar ein riktig god sommar!

Legg igjen ein kommentar