Februar

image1

Månadens hundar i februar er Maya, Dylan, Hilma og Ayla. Bilete er sendt inn av Hildegunn Bondhus.

Februar er i gong. Det er barmark og milde temperaturar foreløpig. Det ser også ut til at det skal vere fint vêr dei neste dagane. Perfekt til å trene hund og vere ute. Me minner om tysdagstreningane. Sjekk oversikta vår under trening og aktiviteter på kva tid der er instruktør og ikkje.

Alle kurs ligg ute med open påmelding. Fyrste som skal starte opp er vidaregåande kurs for dei som har gått eit kvalpekurs. Påmeldingsfristen for dette kurset er 8. februar. Du finn meir informasjon og link til påmelding her. Du finn også informasjon og lenkje til dei andre kursa på same staden.

Neste tysdag (14. februar) er det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19:00. Alle medlemmar har stemmerett og må gjerne delta dersom dei vil vere med å bestemme.

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Rekneskapet
  4. Val av styre
  5. Eventuelle saker som har komt inn

Innkalling til årsmøte og kurs

Då er me komt til den tida av året då det er tid for å sjå tilbake på året som har gått. Tysdag 14. februar vert det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19.00. Denne dagen vert det ikkje instruktør på Tussa då me håpar alle medlemmar tek turen på årsmøtet. På årsmøtet går ein gjennom året som har gått i høve hendingar og rekneskap. I tillegg vert det valt nytt styre. Det gamle styret vil legge fram forslag om nytt styre som vert stemt over. Dersom du som medlem har ei sak du vil ta opp på årsmøtet kan denne sendast inn til styreleiar på epost hundeklubben@ovhk.com innan 31. januar. Sakliste for styremøtet finn du her.

IMG_8697 (2)

Eg vil også informere om at no kan du melde deg på alle dei ulike kursa me har lagt ut for vår/sommar. Dette er kvalpekurs, vidaregåande kurs, sporkurs, agilitykurs og rallykurs. Ta ein kik inn på denne fana for å sjå meir informasjon!

November bankar på..

mndhundnov

Månadens hund for november er Molly. Bilete er sendt inn av Kari-Anne Stenersen.

November er no framfor oss og straks står snøen klar til å ta over etter ein svært solrik oktober. I høve dette skal agilityutstyret pakkast vekk og Fonna skal vinterstengast. Du finn meir informasjon om korleis du kan bruke bana her. Møt opp i Fonna 6. november klokka 15. Då tek me agilityutstyret inn. Hendinga er oppført her. Det er også mørkt om kveldane no, og sidan me ikkje har fått lys i Fonna vil tysdagstreningane frå etter haustferien (veke 41) foregå på Tussa.

ovhkjul

Den neste store hendinga i klubben er årets julebord. Datoen er no satt til 3. desember. Dette vert i Ørstaområdet. Lokale er litt avhengig av kor mange som melder seg på. Du finn meir informasjon her. Der finn du også påmelding. Håper du kan kome og vere sosial saman med oss!

I tillegg kan du no gå inn på sida vår om kurs. Her vil du sjå at me har ein del planar når det kjem til våren 2017.

Ny månad, nye moglegheiter..

cropped-IMG_0248_2.jpg

Me er no over i oktober månad og hausten kjem for fullt. Fargane strøymer rundt oss i fjellet og veiret skiftar som natt og dag. Kvalpekurset er ferdig, og alle er klare for å trene seg opp gjennom vinteren.

Det er no satt opp liste med instruktørar og emne for tysdagstreningane på Tussatun i Hovdebygda. Me håper mange frå kvalpekurset tek turen, og ellers andre som føler for det. I tillegg er mandagstreningane på grusbana i Ørsta i full gong igjen. Her går det mykje i lydigheit og rally, men det er lov å trene andre ting saman med oss.

Me har bruk for fleire bilete i arkivet vårt med hundar som har lyst å vere månadens hund. Send inn dine bidrag til hundeklubben@ovhk.com. Denne månaden er det Anja, Meera, Junah og Thareq som pryder heimesida.

 

Nye prisar agility, ny månad!

Miko, Freia og Kamots - aug 14

Denne månaden skal Miko, Freia og Kamots pryde heimesida. Bilete er teke av Hege Lystad.

Snart er det duka for det årlige stemnet i Ørsta og Volda Hundeklubb. I år har me løyst det slik at agililty vert i Olsvika i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb. Det vert dermed ikkje anledning å gå både lydigheit og agility på laurdagen då avstanden vert for stor. Me håpar likevel mange vil stille i lydigheit hjå oss, og ikkje minst delta på kvalpeshow.

Kvalpeshow passar for alle rasehundar mellom 4 månadar til 9 månadar. Dette er ei gyllen anledning til å prøve ut korleis det er å vere på utstilling. I tillegg er det veldig god trening for hunden.

Prisane for agility er endra til 300,-. Dei som allereie har betalt inn vil få tilbakebetalt det dei har betalt for mykje. Dersom du ikkje har meldt deg på ennå, kan du gå inn på denne linken å melde deg på med ein gong.

Vel møtt!

 

Kom mai du skjønne milde!

cropped-maiovhk.png

Mai månad er godt i gong og liene grønkar som hagar. Ja, det lavar faktisk av blomar på strå. Mai er ein månad med mildare veir og gode dagar for trening av hund. Kvalpekurset starta for to veker sidan, og alle ekvipasjane har starta opp trening av sin vesle håpefulle kvalp. Tysdagstreningane rullar og går. Dersom du ikkje skulle ha vore innom lista over kva som skjer på tysdagane vil du no sjå at dei tysdagane som tidlegare ikkje var satt opp noko på er fylt ut med noko som heiter «rallylydigheit».

Få ikkje panikk. Du må ikkje springe. Det er ein «ny» hundesport som handlar om å lese skilt å utføre forskjellige øvingar frå forskjellige hundesportar. Viss du er meir nysgjerrig enn det må du nesten ta turen på ei av tysdagstreningane å oppleve det. Du er i alle fall hjarteleg velkomen.

Mai er i utgongspunktet ikkje fylt med så mykje aktivitetar utanom det vanlige. Likevel kan det vere det dukkar opp noko etterkvart. Ha i tankane at der skal vere tre kurs som handlar om spesialsøk og smeller. Meir informasjon finn du her.

Me håpar fleire vil delta i eit aktiv hundemiljø no som våren spirar rundt oss! Send gjerne inn ditt bidrag til månadens hund også når du fyrst er i gong. Denne månaden var det Anja og Junah som fekk pryde sida. La dei ikkje pryde aleine, send inn din hund til hundeklubben@ovhk.com !

Månadens hund..

Penny - april 14

Som de kanskje har sett er de komt ei skjønn Lagotto Romagnolo på framsida. Dette er Penny. Eigaren er Inger Kvam. Bilete er innsendt av Hildegunn Bondhus.

Ellers er no påmeldinga for kvalpekurset stengt. Kurset startar opp måndag neste veke, og dei som har meldt seg på skal no ha mottatt bekreftelse på mail. Dersom du ikkje har fått, men veit du har meldt deg på, må du kontakte hundeklubben snarast. Me gleder oss stort til kvalpekurs!

Minner også om at treningane på Tussa går sin vante gang kvar tysdag klokka 18.30. Mange møter klokka 18.00 for å prate litt før instruktøren tek ordet. Ta deg ein tur å prøv det du også då vel!

Nyt våren!

Mars 2014

cropped-Mars14w.jpg

Då var me inne i ein ny månad atter ein gong. Månadens hundar er Raisa og Rally. Desse hundane er eigd av Robert Storevik. Dei som har vore om seg har då to kjekke kurs å glede seg til. 22.-23. mars vert det kurs i Rallylydigheit. Her er alle plassane tekne, men der er fortsatt moglegheit å melde seg på som observatør. Helga etter, 29.-30. mars, vert det kurs i konkurranselydigheit. Dette kurset er også fullt, men ope for observatørar. For meir informasjon om begge kursa, sjå eiga side for kurs.

Elles er veiret fint, og me oppfordrar alle til å bruke dette til å trene hund utandørs. Tysdagstreningane på Tussa går sin vante gang. Dersom du lurer på kva instruktørane skal styre med og kva tid dei er på plass, finn du info om dette her på heimesida under aktivitetar.

 

Februar er her!

Ny månad betyr nytt bilete på framsida. Månadens hund denne gongen er ein bitteliten westie med navnet TinTin. Det er Elisabeth Leira som eig dette vidunderet. Det vert nok spennande tider frammover for dei begge. TinTin skal pryde framsida i heile februar.cropped-februar-14.jpg

Skulle du ynskje det var din hund som var på framsida? Send eit bilete av hunden din til hundeklubben@ovhk.com då vel. Så kanskje er det nettopp din hund som får vere månadens hund!

Rallykurset og lydigheitskurset er begge fulle når det gjeld deltaking. Du kan likevel melde deg på som observatør. Observatør er ein kjekk og sosial oppleving der du får sjå og studere dei andre som vert styrt med. Det er nett så lærerikt som å delta.

Eg minner og om at tysdagstreningane rullar vidare på tysdagane. Oversikt over kva tid der er instruktør finn du under «Treningsaktivitetar – tysdagstrening». Vel møtt!

Velkomen, 2014!

Godt nyttår til alle medlemmar. No er eit nytt år på gong, og styret har store planar for våren. Me vil prøve å få eit aktivt miljø innanfor fleire forskjellige hundesportar, og kjem til å satse mykje på kurs utover våren. Meir informasjon kjem etter styremøtet som skal vere over helga.

cropped-Jan14.jpg

Månadens hund i januar 2014 vart denne herlige trioen; Glittra, Ayla og Gaya. Bilete er teke av Hege Lystad, og Hildegunn Bondhus er den heldige eigaren av hundane.

Me ser fram til eit spennande nyttår, og ynskjer gamle som nye velkomne på aktivitetar. Liste over instruktørar på tysdagstreningane kjem etter styremøtet. Eg vil og tipse om at kurssidene er oppdaterte med opa påmelding til kurs innanfor spesialsøk og smeller. Ta deg ein kik innom. Nokre av kursa er byrja fyllast opp.

Vel møtt i 2014!