Februar

image1

Månadens hundar i februar er Maya, Dylan, Hilma og Ayla. Bilete er sendt inn av Hildegunn Bondhus.

Februar er i gong. Det er barmark og milde temperaturar foreløpig. Det ser også ut til at det skal vere fint vêr dei neste dagane. Perfekt til å trene hund og vere ute. Me minner om tysdagstreningane. Sjekk oversikta vår under trening og aktiviteter på kva tid der er instruktør og ikkje.

Alle kurs ligg ute med open påmelding. Fyrste som skal starte opp er vidaregåande kurs for dei som har gått eit kvalpekurs. Påmeldingsfristen for dette kurset er 8. februar. Du finn meir informasjon og link til påmelding her. Du finn også informasjon og lenkje til dei andre kursa på same staden.

Neste tysdag (14. februar) er det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19:00. Alle medlemmar har stemmerett og må gjerne delta dersom dei vil vere med å bestemme.

SAKLISTE:

  1. Godkjenning av innkalling
  2. Årsmelding
  3. Rekneskapet
  4. Val av styre
  5. Eventuelle saker som har komt inn

Innkalling til årsmøte og kurs

Då er me komt til den tida av året då det er tid for å sjå tilbake på året som har gått. Tysdag 14. februar vert det årsmøte på Bondhus trafikkskule klokka 19.00. Denne dagen vert det ikkje instruktør på Tussa då me håpar alle medlemmar tek turen på årsmøtet. På årsmøtet går ein gjennom året som har gått i høve hendingar og rekneskap. I tillegg vert det valt nytt styre. Det gamle styret vil legge fram forslag om nytt styre som vert stemt over. Dersom du som medlem har ei sak du vil ta opp på årsmøtet kan denne sendast inn til styreleiar på epost hundeklubben@ovhk.com innan 31. januar. Sakliste for styremøtet finn du her.

IMG_8697 (2)

Eg vil også informere om at no kan du melde deg på alle dei ulike kursa me har lagt ut for vår/sommar. Dette er kvalpekurs, vidaregåande kurs, sporkurs, agilitykurs og rallykurs. Ta ein kik inn på denne fana for å sjå meir informasjon!

November bankar på..

mndhundnov

Månadens hund for november er Molly. Bilete er sendt inn av Kari-Anne Stenersen.

November er no framfor oss og straks står snøen klar til å ta over etter ein svært solrik oktober. I høve dette skal agilityutstyret pakkast vekk og Fonna skal vinterstengast. Du finn meir informasjon om korleis du kan bruke bana her. Møt opp i Fonna 6. november klokka 15. Då tek me agilityutstyret inn. Hendinga er oppført her. Det er også mørkt om kveldane no, og sidan me ikkje har fått lys i Fonna vil tysdagstreningane frå etter haustferien (veke 41) foregå på Tussa.

ovhkjul

Den neste store hendinga i klubben er årets julebord. Datoen er no satt til 3. desember. Dette vert i Ørstaområdet. Lokale er litt avhengig av kor mange som melder seg på. Du finn meir informasjon her. Der finn du også påmelding. Håper du kan kome og vere sosial saman med oss!

I tillegg kan du no gå inn på sida vår om kurs. Her vil du sjå at me har ein del planar når det kjem til våren 2017.

Juni 2016!

månadens hund juni

Månadens hundar i juni er Miko, Kamots og Thareq. Det er Hege Lystad som har sendt inn bilete. I juli vert det ingen månadens hund, men send gjerne inn forslag til august. Då har du god tid å ta flotte bileter i løpet av ferien!

I juni skal det i utgangspunktet ikkje skje så mykje, men det som skjer er viktig for klubben. Tysdag som var hadde me ein flott dugnad på Fonna. Fleire medlemmar møtte for å hjelpe til med godt mot. Me takkar alle saman for dette og håpar fleire får nytte av bana vår når me er ferdige.

dugnad

Komande tysdag vert det ny dugnad i kombinasjon med sumaravslutninga. Alle som har anledning møter i Fonna klokka 18.00. Her spanderar klubben lett grillmat og drikke til dei som hjelper til. Etter ei god dugnadsykt vert det sjølvsagt spurtkonkurranse med premier og kanskje nokre godbitar til eigarane. Ta med ein hammar og godt humør, så får me ei hivens avslutning der me også vert ferdig med hundebana for ein ny sesong.

Etter sumaravslutninga tek treningane på Tussa sommarferie fram til august. Det vil seie at der vert ingen instruktør. Det kan likevel vere at folk tek turen for trening. Du kan følge gruppa «Fellestrening med hund» på facebook for å halde deg oppdatert om folk er interessert i å trene, eller du kan spørje andre om å delta på trening.

Til slutt vil me minne om stemnet som skal vere 3. september. Her vert det anledning til å gå lydigheit eller stille kvalp mellom 4- 9 mnd i vårt kvalpeshow. I tillegg vert det sjølvsagt påmelding til barn og hund på staden. Du finn all informasjon du treng her.

Ein riktig god sommar til alle medlemmar!!

 

På tur med hundeklubben..

IMG_20140603_191655

I dag var det tur saman med hundeklubben. Turen var planlagt til å gå rundt Bjørdalsvatnet. Derfor samla alle bilane seg ved kanten av vatnet, klar til avgong. Allereie før avgong var dei fleste hundane komt ut i vatnet for å «varme opp». Veiret var mot all forventning.

IMG_20140603_191627

Det var ein lystig gjeng som sette av garde. Der var minst 12 hundar som var klare for tur saman. Dette var god trening både for eigar og hund. Sola var med oss heile vegen inn i botnen av vatnet. Der inne møtte me vår fyrste utfordring på turen; stein og jordskred.

IMG_20140603_191739

Med ein slik lystig gjeng var ikkje dette noko til utfordring. Me klatra oss over og fann att vegen på den andre sida. Det er viktig at ein får litt utfordring i kvardagen, både hund og eigar.

IMG_20140603_191333

Denne koselige trioen fann eg på ein stein. Dei hadde satt seg for å skape eit perfekt portrett for mitt kamera. I tillegg hadde dei nok også ein misjon om å samle flokken. Det fekk dei veldig fint til. Vår siste utfordring på turen var kviger. Det viste seg derimot når me kom fram til dei at dei slett ikkje var interessert i oss. Problemet var altså løyst før det byrja.

IMG_20140603_191405

Vel tilbake til start var det igjen badetid. Hundane synes nok dei fortjente dette etter å ha kava med oss folket heile vegen rundt vatnet. Fleire hundar la på svøm. Ein kunne nok lure om dei nokon gong ville kome tilbake, men eg trur dei alle var på plass då me skulle reise.

IMG_20140603_191811

Som ei avrunding av turen drog me fram litt mat. Hildegunn spanderte mellom anna pølser, og nokre prøvde seg på å gje vekk kjeks. Der var nokre lange snutar som også ville ha pølser, men me greidde å få ti oss likevel.

IMG_20140603_191435

Alle var samde om at det var ein gild tur!