August er her!

Månadens bilete er innsendt av Daria Dahl. Til september skulle me gjerne hatt eit veldig flott haustbilete. Send gjerne inn dine bidrag til oss på epost eller på PM på facebook. Me prøvar så godt me kan at alle får med sitt bilete.

No er sommarferien komen mot slutten for mange. Hausten bankar på, og det er tid for kvardag igjen. Tysdag 22. august frå klokka 18 byrja me rett på med ein dugnad på hundebana vår i Fonna. På dugnaden må me gå over bana og luke vekk gras, slik at me fortsatt får ha grus som underlag. Me håpar så mange som mogleg vil kome. Så får me kanskje tid til litt trening og hygge etter på.

Frå tysdag 29. august vil treningane på Tussa starte opp att. Her vert det som vanleg instruktør dei datoane me har satt opp frå 18.30-19. Liste kjem snarleg her på heimesida.

Kvalpekurset si påmelding har opna, men mangla ennå all informasjon. Resten av informasjonen om kurset kjem denne veka. Kurset vil ha ein teorikveld, og fem praktiske økter. Du finn meir informasjon om kurset under fana «kurs».

I tillegg til kvalpekurs vert det også kaurt eit kurs for dei som har gått kvalpekurs, men vil kome seg litt vidare. Dette vert eit praktisk kurs strekt over fire kveldar. Påmeldinga til dette kurset har også opna.

Me håpar folk vil vere aktive utover hausten!

Legg igjen ein kommentar