April og vel overstått påske!

Månadens hund er Bonnie of Bella sendt inn av Stig-Børre Sundnes. Me håpar fleire vil sende inn bileter. Me brukar alle me får. Dersom du har sendt inn ditt bilete og det ikkje har vorte brukt må du snarleg ta kontakt!

Kvalpekurset er komt godt i gong med 22 deltakarar. Bronsemerkekurset vart diverre avlyst grunna for lite interesse, men klubben kjem til å arrangere bronsemerkeprøva i juni som er open for alle som vil prøve seg. Me håpar dette kan vere med på å skape treningsmotivasjon.

Tysdagstreningane går som vanleg og du finn oversikt over kven som er der kva tid under trening og aktiviteter. Me vonar alle får ein fin april!

Legg igjen ein kommentar