Hausten er i gong..

Då var august godt i gong og det er på tide å vakne frå feriebobla. Me skulle ynskje fleire ville sende inn månadens hund til oss. Me har byrja gå tomt i arkivet. Send inn til oss via facebook eller hundeklubben@ovhk.com.

Påmelding til kvalpekurset er godt i gong, og i løpet av veka kjem der annonse ut i avisene om dette. Påmeldingsfristen for kurset er 15. august. Dersom du ennå ikkje har meldt deg på kan du trykke her for informasjon og påmelding.

Tysdagstreningane kjem i gong igjen frå 21, august, men me har ennå ikkje sett opp fordelinga av instruktørar for hausten. Der skal vere eit styremøte i slutten av månaden der det kjem meir informasjon om dette. Har du lyst å prøve deg som instruktør? Sei gjerne ifrå!

Me håpar alle medlemmar er klar for ein frisk haust!