Sommer kommer, sommer kommer..

 

Juni er i gong og det er litt planar i klubben. Komande tysdag, 5. Juni, skal me ha open dag i Fonna frå 18.00. Dette betyr at alle som vil, medlem eller ikkje, kan kome å få prøve seg på agilityutstyret, prøve rally, eller prate med instruktørane i klubben. Me håpar du tek turen å vert kjent med klubben vår!

Tysdag 19. Juni skal me ha Sommaravslutning. Denne vert også i Fonna. Den startar 18.00. Klubben stiller med pølser og brød, tilbehør og drikke. Me skal ha vår årlege sprint og ein anna spennande konkurranse for dei som vil. Håpar flest mogleg av våre medlemmar tek turen for å vere sosiale saman!

Ellers er datoane for kvalpekurset i haust sett. Sjekk under kurs for meir informasjon. Påmelding opnar i juli.

God sommar!