SNART ER NASJONALDAGEN HER – HURRA FOR 17. MAI !!

No nærmar 17. mai seg med stormskritt, ein festdag for store og små 😊 Vi har nok alle planar for denne dagen, men planlegg også slik at våre firbeinte venner får ei fin feiring!

Hunden sine sansar er mykje meir følsame enn våre, så nasjonaldagen vil for dei fleste opplevast overveldande. Det er ein dag med mykje leven, støy og store folkemengder, og det vil lett kunne bli for mange og ulike inntrykk. Mange hundar blir skremte og reagerer med stress, noko som har negative innverknad på helse og velvære for hunden. I dei aller fleste tilfella har hunden best av å få vere heime på 17. mai, dette er ikkje rette dagen for å sosialisere hunden.

Hundeklubben vel å følgje råd som blir gitt i frå m.a Mattilsynet og Dyrevernalliansen om å ikkje ta med hundane i tog denne dagen. Hundeklubben vil difor ikkje vere representerte i Folketoget i Ørsta og Volda!

Les gjerne linkane under, der får du meir informasjon + tips og råd for ei fin 17.mai feiring for hunden.

Mattilsynet: https://www.mattilsynet.no/dyr_og_dyrehold/kjaledyr_og_konkurransedyr/hund/gi_hunden_en_god_17_mai.29427

Dyrevernet:
https://www.dyrevern.no/andre_dyr/familiedyr/gi-dyrene-en-fin-17mai-feiring

Skrive av Ragnhild Jansen Rindal

 

Mai er her!

Denne månaden kom både Saga frå Åshild Tuvik Kleppe inn og Heierås Draco av Anne Dagrunn Ose inn. Begge bileta var så vårlige at dei vart tekne med!

Våren er i gong og Fonna er endeleg nokolunde i drift. Komande tysdag, 8. Mai, tek me ein dugnad for å få ut agilityutstyret. Me startar 18.30. Det er fort gjort om me er litt folk.

Ellers går tysdagstreningane av gårde og kvalpekurset er snart ved vegs ende.

Nyt våren!