Oktober og mørketid..

Månadens hund er Talia innsendt av Henriette Ervik Nupen.

No er kveldane byrja verte mørke og dagane kortare. Tysdagstreningane går på Tussatun i Hovdebygda. Me held til på parkeringsplassen, og har difor også lys frå gatelysa. Du finn oversikt over kva tid det er instruktør på Tussa her.

I Fonna har me enda ikkje fått opp noko lys. Der vil derfor vere veldig mørkt kveldane. Agilityutstyret er fortsatt tilgjengeleg, men utover i månaden vil nok dette snart pakkast vekk. Dette kjem an på vermeldingane, men me må prøve å få det i hus før fyrste snøen.

I haust har det vore kvalpe- og unghundkurs samstundes som det også har vore eit vidaregåande kurs for dei som er komt litt lenger. Begge desse kursa tek slutt denne veka. Me håpar alle deltakarar har hatt eit fint kurs, og at me ser dykk igjen på treningar og andre kurs.

Til våren vert det nytt høve både til kvalpekurs og andre kurs. Det er også satt opp eit kurs med Anna Larsson. Det vert ikkje meir kurs før jul ellers. Difor er tysdagstreningane eit fint høve til å halde treninga ved like.

Til slutt vil eg minne alle om at julebordet vert 2. desember. Påmelding opnar i dag. Du kan melde deg på her. Håpar mange vil kome!