Tysdagstreningane og 17. mai

Miko - jun 14

Me har valt å flytte tysdagstreningane tilbake til Tussa. Me håpar å sjå nye og gamle folk i rekkene i det me nærma oss sommaren. På tysdagstreningane prøvar me å ha instruktør så ofte som mogleg for å tilby rettleiing til våre medlemmar. Me tek gjerne i mot tips dersom nokon har ynskjer om kva tema for treninga skal vere. Vel møtt!

Som tidlegare publisert på vår offisielle facebookside har styret bestemt at Ørsta og Volda Hundeklubb ikkje lenger skal stille i 17. Mai toget slik me har gjort tidlegare. Dette er i hovudsak bestemt ut ifrå hundevelferd i forhold til mattilsynet sine retningslinjer.

Ha ein god 17. Mai!

Kom mai du skjønne milde!

image4

Månadens hundar er Tika og Ronja, sendt inn av Isabell Viddal. Me manglar bilete som er relatert til sumar og haust. Send derfor gjerne inn slike bilete!

Mai byr på mykje god treningstid og kvalitetstid saman med hunden. Det er varmare, tørrare og kjekkare å vere utandørs. Akkurat no er me inne i eit fantastisk vårvêr. Me håpar alle kan nytte det til det fulle.

På kursplanen har me starta kvalpekurset. Dermed vert det ikkje høve til å ta del på kvalpekurs før til hausten igjen. Dersom du likevel vil kome i gong med trening, kan du møte opp i Fonna hundebane tysdagar. Der har me instruktør, som har eit opplegg mellom 1830 og 1900. Vel møtt til sosiale og gode treningsdagar på hundebana vår. Dersom du ikkje veit kvar du skal køyre, finn du ei god forklaring her. Du finn også oversikt over kven som har treningane på denne sida.

Til helga er det agilitykurs. Her var veldig få påmelde, men me held kurset likevel i håp om at me får opp eit agilitymiljø i klubben. Dersom du skulle ha lyst å slenge deg med i siste liten, kan du ta kontakt med oss, så skal me sjå kva me kan ordne!

Vidare er det opa påmelding på både sporkurs og kurs i konkurranselydigheit. All informasjon om desse kursa finn du her. Me håpar folk brukar moglegheitene til kurs for å utvikle sitt hundehald og interessa si for dette. Ta gjerne også kontakt dersom du har ynskjer eller forslag til kurs hundeklubben kan halde.

Ørsta og Volda Hundeklubb følgjer skuleruta når det gjeld treningar. Det vil då seie at me sjølvsagt har ei kjekk og sosial sumaravslutning. Avslutning i år vert 13. juni. Me håpar mange har høve til å vere med på ein sosial samkome med grilling og konkurranse frå klokka 18 ved Ørsta grusbane.

Me håpar å sjå nettopp deg på trening!