April, vår!

AprilOVHK

Månadens hundar er Rocky og Petra sendt inn av Else Marie Halse Ressem. Vil du ha din hund som månadens hund? Send inn til oss på epost. Alle hundar kjem med til slutt. Til mai har du sjansen å snike i køa dersom du sender inn eit flott bilete med 17. mai og vår som tema!

Det nærmar seg påske og der er ei trening igjen på Tussatun før me flyttar treningane til Fonna. Etter påske kjem me til å ha instruktør kvar tysdag. Har du ein instruktørspire i magen? Ta gjerne kontakt dersom du kunne tenkje deg å ha ei tysdagstrening. Ny liste over kven som har treningane kjem innan påska er ferdig. Du finn oversikta under «trening og aktivitetar» på eiga fane som heiter «tysdagstrening».

Komande fredag er fristen for å melde seg på kvalpekurset som startar rett over påske. Alle datoar ligg ute på kurssida vår, men ein informasjonsepost med kvar me skal vere vil verte sendt ut komande laurdag til alle som har betalt kurset innan fristen (7. april). Det vert ikkje aktuelt å ta inn folk etter fristen då me har veldig stor pågang i år.

Ellers ligg der ymse kurs ute for påmelding. Agilitykurs ei helg i mai, og sporkurs og LP kurs i juni. Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål anngåande desse eller andre ting. Me kan kontaktast både gjennom epost og facebook.

Vel møtt til ein hunderik vår!