Ventetida er i gong..

img_2240

Då var fyrste dagen i desember i gong og ventetida til julafta er starta. Bilete av denne flotte nuffen er sendt inn av Henriette Nupen. Du kan også sende inn din hund til vår e-post adresse eller på facebook. Alle hundar kjem med til slutt!

Om to dagar er det årets julebord for hundeklubben. Anna enn dette julebordet er det ikkje så mykje anna så skjer i denne månaden. På tysdag den 6. desember vert det siste tysdagstrening med instruktør på Tussa i år. Då er det omvendt lokking som står på agendaen. I tillegg vert det som alltid positiv sirkel og innkalling. Sjølv om dette er siste tysdagstreninga i år med instruktør, er det likevel fritt for folk å møte til eigentrening andre tysdagar.

Til våren har me mykje spennande kurs på planen. Dersom du kikar under fana «kurs» her på heimesida kan du bla deg i gjennom alle planane våre. Dei fleste kursa opnar for påmelding like over nyttår. Er du nysgjerrig på kva styret planlegg og snakkar om kan du kike på fana «møtereferat».

Me i styret vil takke for året som har gått. For dei eldsjelene som har hjulpe oss på rallystemne og dei som hjalp til på kvalpeshow og lydigheit. Me takkar for alle som har møtt på treningar og dugnad og håpar å sjå gamle og nye fjes aktive i året som kjem.

Riktig god jul og godt nyttår!