Kvalpekurs vår 2016

IMG_1335 – Kopi

I april, rett over påske, starta klubben opp sitt tradisjonelle kvalpe og unghundkurs. Det viste seg å vere stor interesse for dette kurset denne våren. Det var 23 påmeldte ekvipasjar, noko som fekk oss til å engasjere heile fire ulike instruktørar.

IMG_1302

Kurset starta med ei teoriøkt på Ørsta Røde Kors hus. Her vart alle samla til ei økt med informasjon relevant til hundetrening og kurset. Teorien vart framlagt som eit viktig grunnlag for vidare trening av hund, og for dei ulike emna me skulle innom på den praktiske delen av kurset.

IMG_8716 (2)

Etter teoriøkta vart kurset delt inn i seks ulike praktiske økter. Nytt av året prøvde me oss på nye emner. Dei vanlege emna som sitt, dekk, gå fint i band og passering var sjølvsagt med, men i tillegg til desse gjekk me gjennom «5 om dagen» for hund, miljøtrening i ulike miljø, og fokus på mellom anna innkalling.

IMG_1371

Me håpar deltakarane føler dei fekk noko ut av kurset, og at me ser meir av desse i ettertid. Me høyrer gjerne fleire tilbakemeldingar dersom ein vil gje dette. Då tek de kontakt via e-post eller facebook. Fleire bilete finn du her.

IMG_8625 (2)

Neste kvalpekurs vert til hausten, omlag i slutten av august.

IMG_1344

Rallystemnet vår 2016

Medan fuglane kvitra og sola sveipte over nordvestlandet stod grusbana ved Lid Skule klar for årets fyrste stemne i Ørsta og Volda Hundeklubb. Det skulle sjå ut som vêrgudane var på klubben si side denne helga. I alle fall når det kom til solskinn.

Laurdag morgon var listene klare. Det er mykje papir knytta til eit slikt stemne. Dette fekk ein merke når vindkast kom over stemnestaden. Mykje vart teipa fast, resten satt nokon å held fast gjennom dagen. Vind var altså vår største utfordring.

Ghita Fossum, importert frå fagre Stavanger, var dommaren for helga. Ei blid og hyggeleg dame som tok utfordringa med vind med strak arm. Godt var det, for humøret må vere på topp når ekvipasjane skal dømmast.

Som ringsekretær og stemneledar importerte me ei kjekke dame frå Ålesundraktene. Ho gjor ein formidabel jobb mellom flygande ark. Me lånte ôg litt hjelp frå Kjellaug Busæt. Tusen takk for dykkar velvilje!

Det var 27 som var påmeldt stemnet vårt på laurdagen. 26 av desse starta. Det var representert mange ulike raser, og mange ulike folk. Akkurat slik det skal vere på eit skikkelig rallystemne.

Vinnarane av klasse 1: Vibecke Carlsson 1. plass, Unni Myrset 2. plass og Ingrid Ytterdal 3. plass
Klasse 2: Vibecke Carlsson 1. plass og Gunnveig Hodlekve 2. plass
Klasse 3: Else Marie 1. og 2. plass og Anne Laura Rasch Haugen 3. plass. Dommar Ghita Fossum heilt til høgre.

Søndagen kom me til nok ein strålande dag, men denne dagen hadde vinden tatt seg meir opp. Det flagra nokre kjegler over bana, og me fann ut at sikkerheitstiltak måtte gjerast. Alt på bana måtte vere tyngst mogleg slik at det held seg i ro. Endeleg godt me hadde investert i nye skilthaldarar.

Det var 21 ekvipasjar påmeldt til søndagen. 20 av desse starta. Det virka til å vere godt humør blant publikum. I tillegg var det tilgong til kiosk med kaker, brus og kaffi.

Klasse 1: Hildegunn Solberg Nes 1. Plass, Mona Eltvik 2. Plass og Ingrid Ytterdal 3. Plass
Klasse 2: Gunnveig Hodlekve 1. Plass, Hildegunn Midtbø Bondhus 2. Plass, Vibecke Carlsson 3. Plass
Klasse 3: Rebekka Tomren 1. plass, Vibecke Carlsson 2. plass
Elite: Rebekka Tomren 1. plass, Kristin Bjørkelo 2. plass og Anita Løvik 3. plass

Begge dagar var det moglegheit for å melde seg på rekrutt. Dette er ein uoffisiell del av stemnet der du kan prøve deg i ringen på same nivå som klasse 1. Me hadde ei ekvipasje som gjekk begge dagar. Desse gjor ein strålande innsats. Gratulerer så mykje til Hege og Miko.FB_IMG_1462167745524

Me vil til slutt takke deltakarane, dei som hjalp oss og ikkje minst dommar for eit flott stemne. Me håpar fleire tek turen igjen!

Sponsorar for stemnet:

specific SB1SS-med-ramme 1439555976 Dogman_Logo_Payoff_under_orange_150dpi