Februar 2016

cropped-Hunter4.jpg

Då er februar i gong. Denne månaden er det Magpie’s Irish Hunter som skal pryde heimesida. Bilete innsendt av Maren Iversen Valdal.

Fyrst vil eg minne om at det kan lønne seg å melde seg inn i klubben no tidleg på året, slik at ein får mest mogleg ut av medlemsfordelar utover våre/sommar. For meir informasjon om innmelding kan du sjå her.

I helga som var hadde me fyrste økt av intensivkurset for kvalpar og unghundar. Dette var ein kjekk gjeng med mykje pågangsmot. Me gledar oss mykje til å gjennomføre del 2 komande laurdag.

I helga opna også påmeldingsskjema for blodsporprøva som skal vere 11. juni i år. Du finn litt informasjon her, men meir informasjon kjem utover våren. På same lenkja vil du også finne informasjon om rallystemnet som skal vere 30. april og 1. mai. Der er også påmeldinga godt i gong, og informasjon om dommar og overnatting ligg klart.

Tysdagstreningane er i full gong, og me ser gledeleg nye folk i rekkene. Ta deg ein tur og prøv du og, kanskje er det noko å satse på? Fullt program fram til påske vil vere tilgjengeleg her.

I morga er det duka for årsmøtet for 2015. Dette vert på Bondhus Trafikkskule klokka 19. Dette vil føre til at mange reiser tidleg frå tysdagstreninga denne kvelden, slik at folk er obs på dette. Sakliste finn du her.

Neste kurs på agendaen er konkurransekurs med Siv Svendsen. Her er det no fullbooka på deltakar med hund, men me minner om at ein lærer veldig mykje av å vere observatør. Under kurs her på heimesida vil du finne full informasjon om dette kurset.

Neste kvalpekurs er vårt ordinære kvalpekurs som startar etter påske og vil vare gjennom seks kveldar. Påmelding til dette vil opne etter veke 7. Då kjem også all informasjon du treng om dette kurset.

Me håpar å sjå mange nye og gamle framover!