Godt nytt år!

cropped-Januarhundar.jpg

Då brakar eit nytt år laust og det er Felix, Maia og Aina som pryder sida vår i januar. Bilete er sendt inn av Åshild Tuvik Kleppe. Send gjerne inn bilete du òg!

Me er inne i den andre veka av året og planane for våren er så godt som lagde. Det fyrste som står på programmet er eit intensiv kvalpekurs som skal gå over to laurdagar. Laurdagane vert 30. januar og 6. februar. Påmeldinga er fortsatt open nesten to veker til. Du finn meir informasjon om kurset og lenkje til påmelding her.

Etter intensivkurset nærmar det seg påske. I palmehelga vert det kurs med Siv Svendsen. Dette vert eit spanande kurs for dei som er interessert i konkurranselydigheit og vil konkurrere, eller har allereie byrja konkurrere. Meir informasjon finn du her.

Etter påske er det tid for vårt tradisjonelle kvalpekurs. Dette vil foregå over seks veker. Påmelding og informasjon om dette kurset vil verte lagt ut etter vinterferien.

I overgongen  mellom april og mai er det tid for rallystemne i Ørsta. Dommaren på stemnet vert Ghita Fossum. Du finn informasjon om stemnet her. Der kjem meir informasjon snarleg.

Vidare kan eg nemne at klubben skal ha blodsporprøve 11. juni. Påmeldinga for denne vil opne snarleg.

Tysdagstreningane startar med instruktør i morga. Det vert Hildegunn som har fyrste treninga. Liste over datoar vil kome i løpet av veka. Grunnen til forseinkinga har med teknologiske problem heime hjå webansvarleg, men med litt tålmod så kjem det så fort det går i orden.

Me håpar mange nye og alle dei gamle medlemmane vert aktive med oss ut gjennom våren. Ta gjerne kontakt med klubben dersom du har spørsmål eller om det er generelt noko du lurer på. Vel møtt til ein ny haust saman med hunden!