Desember, jul og nyttårskavalkade!

cropped-desember.jpg

Snart er nok eit år over, og 2016 bankar på døra. Dei fleste har byrja verte opptekne no når julestria et tida vår. I høve hundeklubben er det tysdagstreningar to gongar igjen. Komande tysdag den 8. desember vert det gå fint trening med Hege. Den siste treninga vert 15. desember med Hildegunn som instruktør. Ho skal i utgangspunktet ha bliøvingar, men dersom veret er krevjande vert det litt meir aktiv instruering. Du er hjarteleg velkomen innom for å prøve deg på treningane. Som ny kan du alltid prøve først før du eventuelt melder deg inn i klubben.

Ellers vert det nok veldig stille frå klubben si side resten av året. Påmelding til julebordet er no stengt. Dei som har meldt seg på har fått ein informasjonsmail om kvar og klokkeslett. Ellers håpar me å sjå att alle våre medlemmar og velkomen til alle nye.

Året som har gått

Ekvipasjer

2015 starta med intensiv kvalpekurs. Her var det mange ivrige kvalpar og eigarar som stilte. Sidan me følte dette var ein suksess vert det same gjort over nyttår i 2016. Påmeldinga er allereie opna og du finn all informasjon du treng på www.ovhk.com/kurs.

IMG_2016

I mars var det kurs i konkurranselydigheit med Anne Cecilie Eide. I tillegg kom Solveig Zetterstrøm importert frå austlandet oppover for å halde rallykurs. Dette var kurs som medlemmane viste stor interesse for. Me prøver å få til liknande kurs til våren igjen.

IMG_8948

I april byrja det årlege kvalpe og unghundkurset. I tillegg starta me opp bronsemerkekurs. Så kom mai på døra og me arrangerte årets fyrste fellestur.I juni prøvde me oss for fyrste gong på blodsporprøve. Dette viste seg å verte ein suksess. Me har difor søkt om ny blodsporprøve sommaren 2016. Håper mange kjem og vil delta.

IMG_9933

Så kom hausten. Då var det tid for nytt kvalpe og unghundkurs. Her var det mange ivrige hundar og folk som deltok. I september var vårt årlege stemne. Her arrangerte me for fyrste gong rallylydigheit, noko som viste seg å vere stor suksess. Derfor vert det både rally, LP og kvalpeshow også neste år, men då ikkje på same helga.

BIS kvalp

Så har det vore kursstille dei siste månadane fram mot jul, men treningar har pågått. Mykje gjennom Fellestrening med hund på facebook, og også nokre ivrige deltakarar på Tussa.

Ta vare på hundane i jula, ver forsiktig med mat som ikkje passar, og hugs å ta vare på dei på nyttårsafta.

jul

Me ynskjer alle våre medlemmar god jul og godt nyttår!