November 2015

Då var november starta. Det er mørkt kveldane, men Tussatreningane går som vanleg, Der er lys på parkeringsplassen slik at det er mogleg å sjå folk og dyr rundt seg. Hugs å kle dykk i varme og gode kle. Temperaturen er no på veg nedover.

cropped-Bella-november.jpg

Andre helga i november (laurdag 14. og søndag 15. november) er planen at me skal ha eit nybyrjarkurs i hundesporten rallylydigheit. Rallylydigheit er ein sport som kombinerar agility, lydigheit og freestyle til ein sport som baserer seg på ulike baner med skilt. Sporten er basert på glede og samspel med hunden. Det er derfor lov å rose hunden gjennom heile bana. Me anbefalar sterkt å melde seg på kurset. Påmelding finn du her. Påmeldingsfristen vert komande søndag. Kurset må ha minimum 6 påmelde for at det skal verte noko av.

I desember vert det julebord. Dette er ein sosial samankomst for alle som er medlemmer i klubben. Julebordet vert 11. desember. I år satsar me på ein «mat på fat» løysing i ei koselig stove på Liadal. Meld deg på i dag!

I januar/februar planlegg me eit intensivkurs som skal gå over to laurdagar. Dette er eit kurs for kvalpar/unghundar som treng hjelp med oppstarten sin. Det er allereie komt nokre påmeldingar, men ferdig dato vert ikkje oppsett før me har nok deltakarar. For dette kurset kan du melde deg på her.

Vidare kjem det eit kurs med Siv Svendsen i slutten av mars. Denne påmeldinga opnar ikkje før rett over nyttår. Her er det begrensa plassar. Kurset handlar om konkurranselydigheit.

Me håpar mange melder seg på dei ulike kursa, og at me ser mange medlemmar på julebord. Til desember ynskjer me å ha eit julemotiv som månedens hund. Send inn dine julebileter av hundane!