Kvalpekurset haust 2015

IMG_9921

I går gjekk siste dagen med kvalpekurs av stabelen. Gjennom kvalpekurset i haust har me hatt 15 ekvipasjar som deltok. Desse var fordelt på tre ulike instruktørar; Hege, Else Marie og Anita. Fyrste dagen me møttest var det teori på Ørsta VGS. Her gjekk me gjennom ulik teori som skulle vere førebuande til dei praktiske øktene.IMG_9910

Gjennom seks ulike praktiske økter fekk ekvipasjane prøve seg på sitt, dekk, innkallingar, gå fint i band og andre grunnleggande øvingar for ein god kvardag saman med hunden. Instruktørane prøvde å lære opp eigarane slik at dei kunne seie sitt-bra-belønne-FRI utan å måtte tenke for mykje. At hundane vart betre var sjølvsagt ein god bonus.IMG_9923

Ei av øktene hadde me ulik aktivisering av hund. Her fekk deltakarane prøve seg på agility, rallylydigheit og ulike søk og trikseøvingar. På denne måten fekk dei eit innblikk i kva ulike øvingar ein kan gjere saman med hunden sin.IMG_9951-2

På siste treninga fokuserte me mykje på kontakttrening, passering av andre hundar og innkalling. Dette fekk dei også prøve i større grupper.IMG_9866 kopi

Me håpar kvar enkelt eigar lærte noko nyttig som dei kan bruke no i ettertid av kurset, og at alle fortsetter å trene hundane. Me håper sjølvsagt også å sjå dykk alle og ein kvar på Tussa tysdagane, eller andre stadar med hundane.IMG_9914

Tusen takk for eit kjekt kurs!

– Helsing frå instruktørane

Bileter er tekne av Amalie S. Lillevold. Du finn fleire bileter her. Finn du ikkje din hund? ta kontakt, så kan me sjekke om Amalie har fleire tilgjengeleg.

Oktober 2015, planar framover!

I september var Ørsta og Volda Hundeklubb fullt opptekne med stemnet 2015. Stemnet i seg sjølv vart vellukka, som du kunne lese om i forrige blogginnlegg. Det me gjerne skulle ynskje oss var at fleire medlemmar kunne tenkje seg å stille opp å hjelpe til. I år var me veldig få som hjalp til, og det vart mykje stress for desse. Me håpar og trur at fleire vil hjelpe til neste år slik at me kan fortsette å ha hundestemnet.

cropped-PetraOKtober1.jpg

Tysdagstreningane er i full gong igjen. Her er det berre å sjekke oversikta på heimesida, og stille opp med godt humør og hund. Me har prøvd å legge opp til eit variert program som instruktørane skal prøve å lære vekk. Tussa klokka 1830 kvar tysdag.

No som hausten er i full gong er snart også hausten sitt kvalpekurs over. Me har hatt ein del forespørslar på kva tid neste kvalpekurs kjem. Eigentleg har me berre to kvalpekurs i året; eit om hausten, og eit om våren. Grunna forespørselen har me no satt opp eit «intensiv kvalpekurs» slik som me hadde tidleg i vinter som var. Du syner interesse gjennom dette skjemaet. Me satsar på å ha dette kurset på to laurdagar i januar eller februar. Alt etter kva tid nok folk har vist interesse. Meld deg på i dag!

Ein hundesport som har vore veldig i elden i det siste er rallylydigheit. Ørsta og Volda Hundeklubb hadde sitt fyrste stemne i samarbeid med Sunnmøre hundeklubb i haust. Dette viste seg å vere veldig vellukka. I høve dette har me satt opp eit nybyrjarkurs for dei som har lyst å lære og prøve ut denne sporten. Påmeldinga til denne finn du her. Dato for kurset vert 14. og 15. november.

Vidare har me satt opp enda eit kurs til våren. Dette vert konkurranselydigheitskurs med Siv Svendsen. Meir informasjon og påmelding kjem snart. Følg med på facebook og på heimesida for å sikre deg plass.

Har du ynskje om andre kurs klubben burde ha, eller kanskje du har andre innspel å kome med? Send ein e-post til hundeklubben@ovhk.com. Du kan også kontakte oss via facebook. Me setter veldig stor pris på fleire bileter til månadens hund. Desse kan du sende til same adresse.

Me ynskjer også å bygge sosiale band saman med dei me trenar med. Derfor vil me allereie no reklamere for årets julebord som vert 11. desember. Dette er verdt å få med seg. Meld deg på her.

Meir informasjon om ulike kurs finn du på sida «kurs» her på heimesida.

 

Nyt hausten!