Og slik vart stemnet 2015..

I helga som var gjekk hundeklubben si største hending i året av stabelen på Ørsta grusbane. Værgudane var på vår side, og sola heldt med oss heile dagen. Stemneområdet vart delt inn i tre ulike ringar. Me hadde rallyring, LPring og ein ring i midten for kvalpeshow og barn og hund.

Rally

Stemnet starta klokka 10. I rallyringen stod dommar Hilde Nysether klar saman med ringsekretær Hege Lystad og skrivar Solveig Fløde. Ellers var der folk frå Sunnmøre Hundeklubb som hjalp til og folk frå styret i ØVHK. Det som var ekstra spennande med denne ringen var at det var fyrste gong me som klubb arrangerte rallystemne. Der var 26 ekvipasjar påmeldt. Desse var fordelte mellom klasse 1, 2, 3 og elite.

I kvalpeshowringen var dommar Marcel Kvam klar med hjelp frå ringsekretær Bjørg Ville og skrivar Siv Jensen. Her var det påmeldt 18 ulike raser. Her var dei også flinke å samarbeide med dei andre ringane slik at folk som ville vere med på fleire sportar rakk over fleire ting. Me vil spesielt takke Marcel Kvam for sin fleksibilitet.

BIS kvalp

Det var i alt 29 kvalpar som vart dømde ein etter ein, der dei til slutt vart plassert best i si rase, best i si gruppe, for så å konkurrere om den gjeve tittelen; Best in Show. Denne gongen vart det ein golden retriever som stakk av med den gjevaste tittelen.

Vinner barn og hund!

I barn og hund var det mange håpfulle som stod klar for å prøve seg på utstilling. Her var det barn i mange ulike aldrar, men det var vesle Katharina på 3 år som gjekk av med seieren.

I LP ringen var der 11 ekvipasjar påmelde. Desse var fordelt på klasse 1, 2, 3 og elite. Her stod John Egil Fiksdal klar til å dele ut poengsummar med god hjelp frå Robert Storevik som ringsekretær og Frode Grande som digital skrivar. Desse karane klarte seg flott saman som ringpersonell.

013

Ellers var her mykje folk innom bana på denne strålande laurdagen. Folk kom som publikum og fekk sjå litt kva dei ulike sportane gjekk ut på. Me håpar publikum, deltakarar og fleire har hatt ei flott helg, og me vil igjen takke for eit godt samarbeid i høve dobbelt rallystemne saman med Sunnmøre Hundeklubb.

Fleire bilete frå helga finn du her. Send gjerne inn til oss dersom du har!

Til neste år ynskjer me enda fleire folk som ynskjer å hjelpe til, og enda fleire folk som ynskjer å ta turen. Takk for i år!

Bileter er samla frå ulike fotografar;

Rebekka Tomren, Hege Lystad, Siv Jensen, Hildegunn Bondhus

Ein takk til sponsorar:

RoyalCaninLogo23 hundepoter-der-du-betyr-mer

 

Stemne 2015

cropped-20131225_234643.jpg

Månadens hund er Zita. Bilete er sendt inn av Solvor Heggli.

Til helga skjer årets store happening i Ørsta, nemleg hundestemne 2015.

Stemne startar klokka 10.00. Då er det oppstart både på kvalpeshow, lydigheit og rally-lydigheit. Fristen for å melde seg på er ute, og alle som er påmeldt skal ha motteke PM.

ALLE er hjarteleg velkomne til å kome som publikum. Det vert enkelt kiosksal og mykje flotte hundar å sjå på. Det ser også ut til at sola tek turen.

For meir informasjon om stemnet kan du gå HIT.

På søndagen vert det rallylydigheit på same staden i regi av Sunnmøre Hundeklubb. Dei vil også stille med lett kiosksal. Ta gjerne turen som publikum!