Ferien er over!

August 15

Månadens hund er Buster. Bilete er sendt inn av Roy Emil Olsen.

Då er det duka for oppstart av hundetreningar igjen. Tysdag 18. august startar me opp att med instruktør på tysdagstreningane på Tussa. Hiv deg med å tren saman med oss. Liste over instruktørar og tema kjem i løpet av denne veka. Følg med inne på tysdagstreningssida her på heimesida.

Vidare har me no endeleg opna opp påmelding for kvalpekurs. Direkte link til kurset finn du her. Oppstart vert 27. august, og påmeldingsfristen vert 21. august. Alle som melder seg på før fristen får plass. Meir informasjon om datoar finn du på sida kurs.

Klubben har også no byrja gjere seg klar for vårt årlege stemne. Dette vert den 12. september i år og du finn allereie mykje informasjon om dette på sida vår her. Påmeldingsfristen vert her 17. august.

I høve dette stemnet treng me folk som kan hjelpe med ulike ting. Det kan vere å bake ei kake, hjelpe å sette opp ringband fredagen, vere skrivar, ringsekretær, stå i kiosk eller andre oppgåver. Dersom du skulle ynskje å lære meir om hund og kunne tenkt deg å hjelpe til må du gjerne melde deg. Me set pris på all hjelp. Du kan melde deg via e-post på hundeklubben@ovhk.com, eller du kan fylle ut dette skjemaet.

Me håpar mange tek turen på stemnet, melder seg på kvalpekurs og at de er med på å skape ein aktiv hundehaust!