Resultat frå blodsporprøva!

 Forrige helg hadde Ørsta og Volda Hundeklubb blodsporprøve for fyrste gong. Det var 23 påmelde ekvipasjar, 21 som gjekk. Me hadde Bondalseidet som base. Her kunne ein kjøpe vafler, varm suppe, brus og kaffi. Dette var goså ein stad å vere tørr medan ein venta på at ein skulle gå. Vêret var nemleg ikkje det aller beste, men samstundes ikkje det aller verste. Humøret var på topp, og det kan virke som dei fleste var nøgde med dagen.

Det var sjølvsagt premie til alle. Her har de 1., 2. og 3. plass.

Gratulerer!

IMG_8948

Dette er 1. plass – Terje Kalvatn – Theo

IMG_8961

2. plass er Catrine Myklebust – Ottar

IMG_8958

3. plass er Elin Kipperberg med hunden Black-Flat´s Praha

Snart tid for sommarferie..

cropped-Miko.jpg

Månadens hund er denne søte eurasierkvalpen ved namnet Miko. Det er Hege Lystad som har sendt inn biletet. Send gjerne inn ditt bidrag til hundeklubben@ovhk.com.

Me nærmar oss slutten av skuleåret. Dermed byrja folk å ta ferie og det vert lenger mellom dei organiserte treningane. Komande tysdag (9. juni) er siste treninga med instruktør før sommaren på Tussa. Det betyr derimot ikkje at hundetreninga stoppar opp. Det er ofte folk på Tussa tysdagane om sommaren også. Så frykt ikkje for å ta ein tur innom. Tysdag 16. juni vert det sommaravslutning ved grusbana i Ørsta. Den finn du mellom Ørsta Ungdomsskule og Ørsta stadion. Meir informasjon finn du  her på heimesida.

Til hausten er det stemnet 2015 som er i hovudfokus. Det er allereie mogleg å melde seg på. Du finn pålogging på nkk si terminliste. Me skal ha lydigheit, kvalpeshow og rallylydigheit. Når det kjem til rallylydigheit vert dette eit dobbelt stemne då Sunnmøre Hundeklubb arrangerar stemne her i Ørsta søndagen. Stemnet 2015 er sett til datoen 12. september. Informasjon og dommarar finn du her. Me set også pris på om folk vil kome på stemnet som publikum. Der vert mange fine hundar å kike på, og hundeportar ein kan lære meir om. Me har kiosk. Vel møtt.

Heimesida vil ikkje verte oppdatert i juli. Det vert dermed eit lite opphald. Me vil derimot svare på e-post og PM på facebook. Håper alle hundar får ein flott sommarferie.

God Sommar!