April er i gong!

stasho

Månadens hund denne månaden er Stasho. Dette er Bjørg Ville sin hund. Han er gammal, men fortsatt futt i.

April kjem sigande med to kurs som skal gå parallelt. Me snakkar sjølvsagt om kvalpekurset og bronsemerkekurset. Kvalpekurset er for dei som har kvalp eller unghund som dei har lyst å lære det grunnleggande med. Det vert oppfølging på den enkelte ut i frå kva hund og eigar kan frå før.

Bronsemerkekurset er for dei litt meir vidarekomne hundane. Her skal hunden lære seg dei grunnleggande øvingane for å bestå det me kallar «bronsemerkeprøva». Me snakkar enkeltdekk i 1 min, stå under marsj, lineføring og mykje anna. Dette er eit spennande og lærerikt kurs for dei som har lyst å konkurrere i seinare tid, eller eventuelt berre kome litt lengre med hunden sin.

Begge kursa har påmeldingsfrist i dag, så hiv deg rundt, meld deg på!

Ellers ynskjer klubben alle medlemmar ei riktig god påske. Send gjerne inn ditt beste påskebilete til hundeklubben@ovhk.com. Me vil gjerne publisere medlemmane våre!