Intensiv helgekurs for kvalp januar 2015

Ekvipasjer

Denne helga har klubben hatt eit intensivkurs for kvalpar. Der var seks påmelde ekvipasjar. Der var forskjellige raser, og forskjellige utfordringar. Målet med kurset var å setje den enkelte ekvipasja inn i det grunnleggande innanfor trening av hund.

Hovudtema for helga var grunnleggande ferdigheiter som kontakt, sitt, dekk, innkalling og gå fint. I mellom hovudtema vart det drøfta løysingar, belønning og kanskje litt tullprat.

Temperaturen var låg, men humøret var på topp. Det var to instruktørar på dette kurset. Dette gav ekvipasjane ei tett oppfølging og mykje en til en trening. Ein hadde god tid og kunne ta seg god tid på den enkelte hunden. Nokre hundar grubla ein litt meir på enn andre, men progresjonen var enorm.

Forskjellen var dermed stor då den glade flokken møtte opp til ein ny dag. Fyrste februar viste seg frå ei kald, men flott side. Nokre av kvalpane tykte det var litt for kaldt. I alle fall til å legge seg ned. Då måtte me finne alternative løysingar for dei. Ved matpause drog ein deltakar fram eingongsgrillen og det vart enda betre stemning. Det heile vart avslutta med ein «positiv sirkel» og ei oppsummering av helga.

Me ynskjer alle ekvipasjar lukke til vidare, og håpar å sjå dei igjen!

For fleire bilete, sjå her.

innkalling