Innkalling til årsmøte!

Eit nytt år er omme og det er på tide å ha årsmøte. Du finn den offisielle innkallinga under «hendingar» her på heimesida. Ellers får du og same informasjonen under. Fint om du tek turen.

Årets årsmøte vert 17. februar klokka 19.30 på Bondhus Trafikkskule. Me håpar mange stiller og viser interesse. Har du saker som bør takast opp på årsmøte må desse sendast inn til styreleiar seinast 14 dagar før møtet.

SAKSLISTE:

SAK 1: Godkjenning av innkalling

SAK 2: Årsmelding og rekneskap

SAK 3: Revidering av lovverk

SAK 4: Val av styre

SAK 5: Ymse (saker som kjem inn innan fristen)

(Oppdatert 08.02.2015)

VEL MØTT!

 

Godt nyttår!

Eit nytt år er i gong. Me startar året med Millie som månadens hund. Dette er Birgitte Eiken sin hund.

cropped-mnd-jan-15.jpg

Vidare kan eg informere om at fristen for å melde interesse for kurs i kvardagslydigheit er 15. januar. Dette kurset kan hjelpe deg på vegen med det du måtte synes er vanskelig, og det vert hovudsaklig individuell oppfølging. Meld deg på i dag!

Vidare kan me informere om at påmeldinga for rallylydigheit opnar straks. Du finn informasjon om kurset her.  I tillegg står ein heil del andre kurs for dør. Følg med på facebook eller heimesida for å få med deg fristar.

Tysdagstreningane byrjar på att komande tysdag 6. januar. Du finn oversikt over tema og instruktørar her. Vidare startar nok mandagstreningane opp att 5. januar. Minner også om sida «Fellestrening med hund» for deg som vil trene på andre tider, eller for å sjekke om nokon kjem mandagane.

13. juni vert det blodsporprøve. Dette er fyrste gong klubben her skal arrangere. Me er spente. Ta gjerne kontakt dersom du skulle vere interessert i å hjelpe til. Meir informasjon kjem.

I september vert det årlige stemnet vårt. I år vert det andre helga i september (12. september) grunna European Dog Show i Oslo. Det vert kvelpeshow, lydigheit og dobbelt opp med rallylydigheit (12. og 13. september i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb). Set av datoen allereie i dag. Meir informasjon kjem i mai/juni.

Med dette ynskjer Ørsta og Volda Hundeklubb deg eit riktig godt nyttår. Håpar å sjå nettopp deg og hunden din!