Adventstid, julebord og nokre frampeik!

Desember er på plass. Me er inne i siste månaden i 2014. 24 dagar til jul. Hundar og folk har starta den store nedtellinga. Der er mykje rare ting i huset, og mykje nytt, og kanskje til og med farlig. Pass på kva du gjer hunden din av menneskemat i jula. Mykje er farlig for hundar. Dette gjeld også ein del planter. Det beste er om din beste venn berre får sin eigen mat, eller godbiter beregna på hund.

10460377_10152745979871885_3253986846695954374_n

Denne månaden er det Birgitte Eiken sin hund som skal pryde heimesida. I januar startar eit nytt år, og då passar det fint om fleire nye sender inn hundane sine!

Årets julebord tek stad 6. desember. Dette er komande laurdag. Påmeldinga er no stengt, og dei som har meldt seg på bør no lese vidare. Julebordet 2014 vert på Bondhus Trafikkskule i Ørsta. Maten i år vert kalkun, waldorfsalat og loff. Dersom du har behov for meir tilbehør kan du gjerne ta med deg. Drikke må kvar enkelt ta med sjølve. Oppmøte vert klokka 20.00. Håper på ein fin og koseleg kveld!


 

Så er det til frampeika. Etter nyttår står mykje på planen. Mellom anna bronsemerkekurs, rallykurs, kvalpekurs, konkurranselydigheitskurs, agilitykurs og mogleg andre kurs. Mellom desse kursa vil me no lufte ideen om eit kurs i kvardagslydigheit.

Med kvardagslydigheit tenkjer me på eit kurs der kvar enkelt får hjelp til det ho eller han måtte synes er vanskelig med sin hund. Slik at ein kan få tips og hjelp til vidare trening. Det handlar altså om lydigheit som skal hjelpe deg i kvardagen. Dersom du tenkjer at dette er noko for deg, trykk her!  Du kan også lese litt om kurset i fana «kurs» her på heimesida.

Ei god adventstid til dykk alle!