Velkomen til alle nye?

«Lise hadde nettopp kjøpt seg ny hund. Ein norsk grå elghund. Sambuaren hennar hadde eit stort ynskje om jakthund, og ho hadde vore heilt einig, sidan ho ville gjere alt for å få hund i huset igjen. Det var lenge sidan Lise hadde hatt kvalp, og dette var hennar fyrste, eigne hund. Ting gjekk stort sett fint heime, men ho innsåg at det kanskje var på tide å trene litt blant andre hundar og interesserte.

Lise søkte opp den lokale hundeklubben og fann ut at dei hadde samlingar på onsdagane. Lise la derfor opp veka slik at ho kunne ta turen på onsdag saman med Teddy, som hunden heitte.

Onsdagen kom, og Lise leitte fram godbitar, band og kaure til staden der hundetreninga skulle vere. Der var mykje folk denne dagen. Hundar i alle raser og fasongar. Ho tok ut Teddy, og gjor seg klar for trening. Dagens instruktør ville at alle skulle stille seg på rekke. Lise stilte seg opp mellom ei schæfertispe og ein hannhund av eit eller annan terrierslag. Teddy var meget interessert i schæfertispa, men yppa også mot den vesle hannhunden på andre sida.

Instruktøren byrja prate om dagens tema, som var dekk. Lise sin konsentrasjon fall meir og meir på Teddy, som no hadde byrja bjeffe meir og meir høglytt. Til slutt valte Lise å gå ut frå rekka å stille seg på god avstand frå resten av gjengen. Der stod ho til treninga var slutt. Så reiste Lise heim.

På vegen heim kjente Lise på skuffelsen. Ho hadde gledd seg slik til trening. Til å snakke med andre folk, få råd, få trene. No ville ho aller helst aldri tilbake….»

Kanskje har du følt det slik som Lise? Eller kanskje har du hatt liknande situasjonar? Ingen prata med deg, du kjente ingen, du følte deg i vegen, eller kanskje du berre ikkje følte deg som ein del av gjengen?

Me i hundeklubben har lyst å skape eit inkluderande miljø som mogleg på våre treningar. Derfor treng me tilbakemelding frå dei som ser at ting bør endrast. Me har eit ynskje om å ha flest mogleg i klubben vår, men nokre gongar rekk me ikkje over alle, eller kanskje me ikkje er tilstade når det trengs. Dette vil me verte enda flinkare til. Kva kan ME gjere for at nettopp DU skal føle deg velkomen? Me vil høyre frå DEG! Ta kontakt på facebook eller mail.

Me håpar å møte nettopp deg. Jo fleire, jo betre! 🙂