Julebord 2014

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert julebord for hundeklubben. I år vert me på Bondhus trafikkskule laurdag den 6. desember. Her får me det koseleg med god mat og hyggeleg selskap. Dette er ei fin anledning å samlast utan hund å berre hygge seg med god mat, og drikke.

Det er vanleg at folk tek med det dei vil ha å drikke sjølve. Ellers vert alt ordna av klubben. Nytt høve til å kose deg saman med folk du ellers berre ser i treningskle. Det vert lett underhaldning, og godt humør.

Det er vanleg at me betalar ein liten symbolsk sum kvar gong, for å dekke utgiftene. Dette er ikkje store summen. Meir konkret sum kjem etter påmeldingsfristen er ute.

Alle som vil vere med må melde seg på her. Dette skjemaet tek kort tid å fylle ut, og skapar ei god oversikt over dei som kjem. Dersom du har spørsmål tek du kontakt på e-post eller facebook. Der vil du få svar snarleg. Påmeldinga er bindande, og fristen vert 15. november.

Ny månad, nye moglegheiter..

cropped-IMG_0248_2.jpg

Me er no over i oktober månad og hausten kjem for fullt. Fargane strøymer rundt oss i fjellet og veiret skiftar som natt og dag. Kvalpekurset er ferdig, og alle er klare for å trene seg opp gjennom vinteren.

Det er no satt opp liste med instruktørar og emne for tysdagstreningane på Tussatun i Hovdebygda. Me håper mange frå kvalpekurset tek turen, og ellers andre som føler for det. I tillegg er mandagstreningane på grusbana i Ørsta i full gong igjen. Her går det mykje i lydigheit og rally, men det er lov å trene andre ting saman med oss.

Me har bruk for fleire bilete i arkivet vårt med hundar som har lyst å vere månadens hund. Send inn dine bidrag til hundeklubben@ovhk.com. Denne månaden er det Anja, Meera, Junah og Thareq som pryder heimesida.