LP og kvalpeshow

IMG_6569 – Kopi – Kopi

Ein gong i året, den første laurdagen i september, blir eldsjelene i klubben samla for å stelle i stand til hundeklubben si største begivenheit : kvalpeskue og lydigheit!  Vi startar tidleg på morgenkvisten, slik at alt skal vere klart til dei skuelystne, konkurransefolket og dei som «berre vil prøve seg» i ringen.  Og i år var det påmeldt 9 stk. i LP fordelt på 3 klasser, og 22 ulike raser i kvalperingen.

IMG_6594 – Kopi – Kopi

Når klokka vart 10, hadde alle rigga seg til rundt «sin» ring, klare til å delta og observere. Kaffe, vafler, brus og pølser kunne enn få kjøpt til dei som trong litt ekstra næring utover dagen.  Stemnet kunne berre starte!

 

flott kontakt :)
flott kontakt 🙂

Vi fekk sjå mykje flinke ekvipasjer i begge ringane, og ekstra flinke var dei komande juniorhandlarane som deltok i barn og hund 🙂  Fem barn hadde meldt seg på, og fekk vist fram hunden sin, etter at alle rasene hadde vore inne i ringen og fått BIR/BIM rosetten sin.

IMG_6686

Den som imponerte dommaren mest, var Amanda og hennar flat coated retriver. Vi gratulerer 🙂

Vi gratulerer også til premieplukkarane i LP 🙂 Eit utvalg av dei dyktige hundane i klubben vår!

IMG_6813 IMG_6814 IMG_6809 IMG_6808

BIG og BIS skulle bli kåra etter barn&hund.  Sju ulike grupper fekk vi sjå, som alle konkurrerte om den gjeve BIS-rosetten!  Gruppe 9, selskapshund, er den gruppa med mest påmelde og derfor mest konkurranse. Og jammen stakk ikkje shih tzu’en av med Best in Show! 🙂

IMG_6797

BIS2
BIS2

 

lykkelig BIS3
lykkelig BIS3

Vi takkar alle påmelde, dommarane, publikum, sponsoren vår Royal Canin og vêrgudane for nok eit vellukka stemne. Kjekt for dugnadsgjengen å sjå så mange flinke og flotte hundar og folk 🙂

IMG_6612

Vi sjåast neste år 🙂

Stemnet laurdag 6. september 2014!

Startar klokka 10.00

Lydigheit og kvelpeshow vert på Utstillingsplassen i Ørsta (sjå kart lenger nede)

Agility vert i Olsvika i Ålesund i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb.

I Ørsta vert det BARN og HUND (Kr. 50,-). Påmeldinga skjer på staden.

Kartstevne

Det er påmeldt over 20 forskjellige raser til kvalpeshow. Alle er hjartelege velkomne til å sjå på skue. Ein fin stad å sjå på raser og få eit lite innblikk i korleis utstilling foregår. Torill Dønheim skal dømme i ringen.

Etter kvalpeskuet vert det barn og hund. Dette vil koste 50,- og påmeldinga skjer på staden. Dommaren for denne vert Hege Lystad. Det vert sjølvsagt premiering til vinnaren.

I lydigheit er det 9 ekvipasjar fordelt på klasse 1-3. Her skal Roar Holmen dømme. Ei fin anledning til å sjå på dyktige ekvipasjar utføre lydigheitsprogramma, og kanskje snappe opp nokre tips til eiga trening.

Det vert sal av lett kioskmat, kaffi og brus. Det kostar ingenting å kome inn på området.

Stevnet er sponsa av Royal Canin

.royalcanin.no_logoHP