Kurs i Rally-Lydigheit våren 2014!

I helga som har gått har det vore kurs i den spennande og fortsatt lite kjente hundesporten rally-lydigheit. Sporten går ut på at fører og hund arbeider saman for å kome seg gjennom ei bane med forskjellige skilt. På skiltet står kva du skal gjere. Her har me alt frå dekk til å gå rundt seg sjølv. Konsentrasjonstrening både for hund og eigar.

105

Laurdag morgen starta kurset innandørs på Ørsta Vgs. Her vart me introdusert til sporten, og fikk sjå nokre videoar frå stemner og konkurranser. Marit, instruktøren vår, var blid og imøtekomande på ein slik måta at me ikkje var heilt vetskremde før me byrja. Ho fortalte oss mellom anna kor viktig det er at føraren kan bana før han eller ho tek med hunden.

054

Dette skulle me etterkvart få kjenne på. Då me kom ut på grusbana vart fyrste bana sett opp. Me hadde på førehand gått gjennom dei ulike øvingane inne, slik at me no kunne starte med å briefe bana. Dette betyr at me får ti minutt til å gå gjennom bana (utan hund). På denne måten er me førebudd på kva som skjer undervegs. Ikkje så ulikt agility sånn sett.

122

Det skulle vise seg at ein måtte vere nøye på briefinga. Å vere usikker når ein fyrst kom med hunden skapte eigentleg mykje hovudbry. Likevel fekk både førar og hund seg positive opplevingar. Dei fleste hundane synes dette var kjekt. For at førarane skulle forstå kor viktig det var å gje riktig beskjed fekk me lov å leike hund for kvarandre. Tru meg, det er ikkje berre berre å vere hund. Me fekk oss ein god latter når me vasa rundt der. Var noko heilt spesielt å vere i hunden sine sko (potar).

052

Søndag fekk me prøve å lage baner sjølve. Då fekk me velge eit banekart og setje opp bane i grupper. Mykje å tenke på. Eit steg dit, fem dit, går dette? Får me plass til hunden? Igjen måtte me briefe. Vår «liksom-hund» var skikkelig god på dette. Etterkvart fekk me og smake på øvingar frå klasse 2.

117

Der var seks ekvipasjar som deltok på dette kurset. I tillegg var me tre observatørar. Eg trur eg talar for alle når eg seier at me hadde eit lærerikt, inspirerande, og morosamt kurs. Det viktigaste i denne sporten er at hunden har det kjekt. Etter denne helga trur eg dei aller fleste kan seie at både dei og hunden hadde mange positive opplevingar. Me håpar å starte opp eit miljø for denne sporten no, og håpar fleire sleng seg på!

Fleire bilete kan du finne her. Det er Hege Lystad som har teke bileta.

Mars 2014

cropped-Mars14w.jpg

Då var me inne i ein ny månad atter ein gong. Månadens hundar er Raisa og Rally. Desse hundane er eigd av Robert Storevik. Dei som har vore om seg har då to kjekke kurs å glede seg til. 22.-23. mars vert det kurs i Rallylydigheit. Her er alle plassane tekne, men der er fortsatt moglegheit å melde seg på som observatør. Helga etter, 29.-30. mars, vert det kurs i konkurranselydigheit. Dette kurset er også fullt, men ope for observatørar. For meir informasjon om begge kursa, sjå eiga side for kurs.

Elles er veiret fint, og me oppfordrar alle til å bruke dette til å trene hund utandørs. Tysdagstreningane på Tussa går sin vante gang. Dersom du lurer på kva instruktørane skal styre med og kva tid dei er på plass, finn du info om dette her på heimesida under aktivitetar.