Så senkar freden seg..

ovhkjul

Julekuler i glasa, snøkrystallar på bordet saman med konglar, lys og ei lita mus. Glitter og stas. Alt som høyrer med når Hundeklubben skal ha julebord. I går var Osberge Skisenter si vesle hytte pynta for gledje og fest. Maten var kjøpt inn frå Ørsta Camping, og desserten laga av Hildegunn. Ein kveld utan hundar må sjølv ein hundeklubb unne seg.

God mat, ein hundequiz og ei grubleoppgåve om sveler prega kvelden saman med godt prat. For praten går i godt lag. God stemning, ei verdig juleavslutning. Neste år håpar me ennå fleire kjem. De er alle hjarteleg velkomne!

No tek dei aller fleste aktivitetane i Hundeklubben juleferie. Tysdagstreningane byrja på igjen med friskt mot etter nyttår. Dersom nokon vil trene i romjula er det fritt fram. For å få med andre kan det vere lurt å skrive på sida «Fellestrening med hund» på Facebook.

No vil eg, på vegne av Ørsta og Volda Hundeklubb, ynskje alle medlemmer ei riktig god jul, og eit hundefullt nyttår! Ta godt vare på hundane i jula!

Christmas is truly enhanced by the presence of a furry friend.

Nytt bilete og julebord!

 

cropped-Desember-2013.jpg

I desember vert det Miko, Eccho og Celia som skal pryde heimesida. I tillegg til det nye bilete vil eg minne om at fredag den 6. desember går fristen ut for å melde seg på julebord. For å melde deg på må du sende ein mail til hundeklubben@ovhk.com. Påmeldinga di er ikkje registrert før du får ein e-post tilbake.

Julebordet i år vert på Osberge Skisenter sitt lokale. Det vert fredag den 13. desember klokka 19.00. Der skal me kose oss med julemat og enkel underhaldning. Alle må ta med drikke sjølve. Det brukar å vere mykje kjekke folk og ei riktig god stemning. Her kan ein kvar medlem unne seg ein sosial kveld utan hund med godt samvet! 🙂

Vel møtt!