Kvalpekurset er over!

Laurdag den 26. oktober starta årets kvalpekurs opp. 18 ekvipasjar var klare for å lære kvalpane noko og få inspirasjon til vidare hundetrening. Kurset starta på Volda Røde kors hus. Der hadde me to timar teori. Mellom anna snakka me om barn og hund, læringsvegar og øvingane me skulle gå gjennom. Alle fekk utdelt eit teorihefte til odel og eige.

Etter teoriøkta delte me oss inn i tre grupper, fordelt på dei tre instruktørane Else Marie, Hildegunn og Anita. Me fordelte oss utover grusbana i Ørsta og starta heile kurset med leik og kontakt. Det var diverre vått og trist denne dagen, men deltakarane og hundane kom heldigvis med friskt mot.

cropped-oktober13-Shayla.jpg

Søndagen møtte me også i Ørsta. Me fekk finever og byrja dagen med spor. Dette tykte mange av hundane var kjempe kjekt, og eigarane var flinke og lærevillige. Etter ei kort matykt byrja me på sitt og avslutta dagen med fart og spenning i innkalling.

Stemne9

Komande torsdag var det på an igjen. Då møttest me på Tussa. Her fekk deltakarane prøve seg på dekk og gå fint. Neste torsdagen fekk hundane bruke hjerneceller i mentaltrening og prøve seg på lydigheitsøvingane på plass og lineføring. Denne torsdagen regna det veldig mykje, og det var ikkje så veldig mykje lettare siste torsdagen. Då hadde me oppsummering av alle øvingane.

sheltiekvalp

Gjennom kurset har 15 forskjellige raser, 18 forskjellige hundar, 18 forskjellige eigarar, fått prøve seg på livet som hundetrenar. Dei har fått prøvd seg i fint ver, og dei har fått prøvd seg i dårleg ver. Me håpar at alle har hatt ei positiv oppleving, og ynskjer alle velkomne til å trene vidare saman med oss, tysdagar på Tussa frå 18:00.

Tusen takk for at nettopp DU deltok!

Julebord og møtereferat!

Tysdag den 29. oktober hadde styret møte. Der snakka me litt om korleis stemne gjekk, og så byrja me på den saka som var viktigast; julebord. I tillegg er den nye framsidehunden komt på plass. Denne gongen har Anja vorte den heldige.

Julebordet i år vert på Osberge Skisenter sitt lokale. Det vert fredag den 13. desember klokka 19.00. Der skal me kose oss med julemat og enkel underhaldning. Alle må ta med drikke sjølve. Det brukar å vere mykje kjekke folk og ei riktig god stemning. Her kan ein kvar medlem unne seg ein sosial kveld utan hund med godt samvet!

Høyres dette ut som noko for deg?

Bindande påmelding sendast til hundeklubben@ovhk.com innan 6. desember.

Vel møtt til eit fortreffeleg julebord! 🙂