Ørsta og Volda hundeklubb 

Medlemskap


Ørsta og Volda hundeklubb ynskjer at alle som deltek på våre aktivitetar, det vere seg tysdagstreningar, bruk av agilitybana og liknande er medlemmar av klubben.

Ynskjer du å verte medlem i Ørsta og Volda hundeklubb må det gjerast gjennom Norsk Kennel Klub sine sider.

* * * * *

Ørsta og Volda hundeklubb vart starta i 1994, før det var den ein underklubb av Sunnmøre Hundeklubb.

Sidan starten har klubben hatt faste treningsdagar og har i dag cirka  80 medlemmar.

Kvart år arrangerer klubben stemne i LP, AG og kvalpeshow.

Vår og haust vert det arrangert kvalpe/unghund/dressurkurs.
Kurs i agility, konkurranselydigheit, spor, blodspor, adferd, helselære om hund, klikker og  ringtrening er nokre av kursa klubben arrangerer.

Klubben set den sosiale delen for hund og eigar høgt,
og fellesturar, sosiale samkome til sommer og jul er på programmet kvart år.  Klubben deltek også kvart år i folketoget 17. mai både i Volda og i Ørsta.

Klubben sin grunntanke er å trene hund med positiv innlæring.

Bilder av medlemmar