|
Ørsta og Volda
hundeklubb
|
|
Trening -
Aktivitetar
|
|
Hundeklubben kan tilby
varierte aktivitetar og treningar for deg og hunden din. Vi kan nemne
agility, lydigheit, spor, utstilling og det viktigaste av alt sosialt
samvære.
Vi har faste dagar til dei forskjellige aktivitetane / treningane.
Oversikt over kven som har tysdagstreningane.
|
|
|
 |
TYSDAGSTRENING
Vi har treningar på
Tussatun i Hovdebygda kvar tysdag frå kl 18.00 og utover så lenge der er
folk. Det er organisert trening der ein av oss i klubben sett i gong
ei lita treningsstund.
Dette er også dagen som høver seg om ein berre
vil vere sosial og snakke med andre med same interesse.
Den ansvarlege for
tysdagstreninga samlar dei som vil trene kl 18.30.
Denne dagen trenar vi på kvardagslydigheit,
utstillingsteknikk, ol.
Konkurranseretta lydigheit trenar vi torsdagar. |
|
|
 |
AGILITY
Vi har agilitytrening onsdagar frå kl 18.00 og laurdagar frå kl 15.00 på
agilitybana som ligg på Engeset i Ørsta, i byrjinga av Olavsgata.
Det er berre å møte opp, lurer ein på noko eller om ein er ny så er det berre å ta kontakt.
Som regel er der alltid folk som kan hjelpe ;o)
|
|
 |
LYDIGHEITSTRENING
Vi har konkuranseretta lydigheitstreningar torsdagar frå kl 18.00 på
grusbana ved Ørsta stadion/ridehallen.
Her hjelper vi kvarandre med tips og råd,
opp og fram!
|
|
|
 |
FELLES TURAR
Vi prøvar å ha nokre fellesturar per år som passar for både små kvalpe- og barneføtter og for dei
større.
Fellesturar vert annonsert
på heimesida. |
|
|
 |
STEMNE
Fyrste laurdag i september
arrangerer klubben kvart år kvalpeshow, lydigheit - og agilitystemne.
Dette er den største dugnaden til hundeklubben. Vi er svært glade for
alle som vil og kan hjelpe til denne dagen. |
|
 |
17. MAI
17. mai går vi i folketoget både i Ørsta og i Volda. Det er flott
at vi kan vise fram alle dei kjekke og flotte hundane våre. |
|
|
 |
Julebord
Vi arrangerer kvart år julebord i november/desember.
|