Adventstid, julebord og nokre frampeik!

Desember er på plass. Me er inne i siste månaden i 2014. 24 dagar til jul. Hundar og folk har starta den store nedtellinga. Der er mykje rare ting i huset, og mykje nytt, og kanskje til og med farlig. Pass på kva du gjer hunden din av menneskemat i jula. Mykje er farlig for hundar. Dette gjeld også ein del planter. Det beste er om din beste venn berre får sin eigen mat, eller godbiter beregna på hund.

10460377_10152745979871885_3253986846695954374_n

Denne månaden er det Birgitte Eiken sin hund som skal pryde heimesida. I januar startar eit nytt år, og då passar det fint om fleire nye sender inn hundane sine!

Årets julebord tek stad 6. desember. Dette er komande laurdag. Påmeldinga er no stengt, og dei som har meldt seg på bør no lese vidare. Julebordet 2014 vert på Bondhus Trafikkskule i Ørsta. Maten i år vert kalkun, waldorfsalat og loff. Dersom du har behov for meir tilbehør kan du gjerne ta med deg. Drikke må kvar enkelt ta med sjølve. Oppmøte vert klokka 20.00. Håper på ein fin og koseleg kveld!


 

Så er det til frampeika. Etter nyttår står mykje på planen. Mellom anna bronsemerkekurs, rallykurs, kvalpekurs, konkurranselydigheitskurs, agilitykurs og mogleg andre kurs. Mellom desse kursa vil me no lufte ideen om eit kurs i kvardagslydigheit.

Med kvardagslydigheit tenkjer me på eit kurs der kvar enkelt får hjelp til det ho eller han måtte synes er vanskelig med sin hund. Slik at ein kan få tips og hjelp til vidare trening. Det handlar altså om lydigheit som skal hjelpe deg i kvardagen. Dersom du tenkjer at dette er noko for deg, trykk her!  Du kan også lese litt om kurset i fana «kurs» her på heimesida.

Ei god adventstid til dykk alle!

 

Velkomen til alle nye?

«Lise hadde nettopp kjøpt seg ny hund. Ein norsk grå elghund. Sambuaren hennar hadde eit stort ynskje om jakthund, og ho hadde vore heilt einig, sidan ho ville gjere alt for å få hund i huset igjen. Det var lenge sidan Lise hadde hatt kvalp, og dette var hennar fyrste, eigne hund. Ting gjekk stort sett fint heime, men ho innsåg at det kanskje var på tide å trene litt blant andre hundar og interesserte.

Lise søkte opp den lokale hundeklubben og fann ut at dei hadde samlingar på onsdagane. Lise la derfor opp veka slik at ho kunne ta turen på onsdag saman med Teddy, som hunden heitte.

Onsdagen kom, og Lise leitte fram godbitar, band og kaure til staden der hundetreninga skulle vere. Der var mykje folk denne dagen. Hundar i alle raser og fasongar. Ho tok ut Teddy, og gjor seg klar for trening. Dagens instruktør ville at alle skulle stille seg på rekke. Lise stilte seg opp mellom ei schæfertispe og ein hannhund av eit eller annan terrierslag. Teddy var meget interessert i schæfertispa, men yppa også mot den vesle hannhunden på andre sida.

Instruktøren byrja prate om dagens tema, som var dekk. Lise sin konsentrasjon fall meir og meir på Teddy, som no hadde byrja bjeffe meir og meir høglytt. Til slutt valte Lise å gå ut frå rekka å stille seg på god avstand frå resten av gjengen. Der stod ho til treninga var slutt. Så reiste Lise heim.

På vegen heim kjente Lise på skuffelsen. Ho hadde gledd seg slik til trening. Til å snakke med andre folk, få råd, få trene. No ville ho aller helst aldri tilbake….»

Kanskje har du følt det slik som Lise? Eller kanskje har du hatt liknande situasjonar? Ingen prata med deg, du kjente ingen, du følte deg i vegen, eller kanskje du berre ikkje følte deg som ein del av gjengen?

Me i hundeklubben har lyst å skape eit inkluderande miljø som mogleg på våre treningar. Derfor treng me tilbakemelding frå dei som ser at ting bør endrast. Me har eit ynskje om å ha flest mogleg i klubben vår, men nokre gongar rekk me ikkje over alle, eller kanskje me ikkje er tilstade når det trengs. Dette vil me verte enda flinkare til. Kva kan ME gjere for at nettopp DU skal føle deg velkomen? Me vil høyre frå DEG! Ta kontakt på facebook eller mail.

Me håpar å møte nettopp deg. Jo fleire, jo betre! :-)

Julebord 2014

Tradisjonen tru vert det også i år arrangert julebord for hundeklubben. I år vert me på Bondhus trafikkskule laurdag den 6. desember. Her får me det koseleg med god mat og hyggeleg selskap. Dette er ei fin anledning å samlast utan hund å berre hygge seg med god mat, og drikke.

Det er vanleg at folk tek med det dei vil ha å drikke sjølve. Ellers vert alt ordna av klubben. Nytt høve til å kose deg saman med folk du ellers berre ser i treningskle. Det vert lett underhaldning, og godt humør.

Det er vanleg at me betalar ein liten symbolsk sum kvar gong, for å dekke utgiftene. Dette er ikkje store summen. Meir konkret sum kjem etter påmeldingsfristen er ute.

Alle som vil vere med må melde seg på her. Dette skjemaet tek kort tid å fylle ut, og skapar ei god oversikt over dei som kjem. Dersom du har spørsmål tek du kontakt på e-post eller facebook. Der vil du få svar snarleg. Påmeldinga er bindande, og fristen vert 15. november.

Ny månad, nye moglegheiter..

cropped-IMG_0248_2.jpg

Me er no over i oktober månad og hausten kjem for fullt. Fargane strøymer rundt oss i fjellet og veiret skiftar som natt og dag. Kvalpekurset er ferdig, og alle er klare for å trene seg opp gjennom vinteren.

Det er no satt opp liste med instruktørar og emne for tysdagstreningane på Tussatun i Hovdebygda. Me håper mange frå kvalpekurset tek turen, og ellers andre som føler for det. I tillegg er mandagstreningane på grusbana i Ørsta i full gong igjen. Her går det mykje i lydigheit og rally, men det er lov å trene andre ting saman med oss.

Me har bruk for fleire bilete i arkivet vårt med hundar som har lyst å vere månadens hund. Send inn dine bidrag til hundeklubben@ovhk.com. Denne månaden er det Anja, Meera, Junah og Thareq som pryder heimesida.

 

LP og kvalpeshow

IMG_6569 – Kopi – Kopi

Ein gong i året, den første laurdagen i september, blir eldsjelene i klubben samla for å stelle i stand til hundeklubben si største begivenheit : kvalpeskue og lydigheit!  Vi startar tidleg på morgenkvisten, slik at alt skal vere klart til dei skuelystne, konkurransefolket og dei som «berre vil prøve seg» i ringen.  Og i år var det påmeldt 9 stk. i LP fordelt på 3 klasser, og 22 ulike raser i kvalperingen.

IMG_6594 – Kopi – Kopi

Når klokka vart 10, hadde alle rigga seg til rundt «sin» ring, klare til å delta og observere. Kaffe, vafler, brus og pølser kunne enn få kjøpt til dei som trong litt ekstra næring utover dagen.  Stemnet kunne berre starte!

 

flott kontakt :)

flott kontakt :)

Vi fekk sjå mykje flinke ekvipasjer i begge ringane, og ekstra flinke var dei komande juniorhandlarane som deltok i barn og hund :)  Fem barn hadde meldt seg på, og fekk vist fram hunden sin, etter at alle rasene hadde vore inne i ringen og fått BIR/BIM rosetten sin.

IMG_6686

Den som imponerte dommaren mest, var Amanda og hennar flat coated retriver. Vi gratulerer :)

Vi gratulerer også til premieplukkarane i LP :) Eit utvalg av dei dyktige hundane i klubben vår!

IMG_6813 IMG_6814 IMG_6809 IMG_6808

BIG og BIS skulle bli kåra etter barn&hund.  Sju ulike grupper fekk vi sjå, som alle konkurrerte om den gjeve BIS-rosetten!  Gruppe 9, selskapshund, er den gruppa med mest påmelde og derfor mest konkurranse. Og jammen stakk ikkje shih tzu’en av med Best in Show! :)

IMG_6797

BIS2

BIS2

 

lykkelig BIS3

lykkelig BIS3

Vi takkar alle påmelde, dommarane, publikum, sponsoren vår Royal Canin og vêrgudane for nok eit vellukka stemne. Kjekt for dugnadsgjengen å sjå så mange flinke og flotte hundar og folk :)

IMG_6612

Vi sjåast neste år :)

Stemnet laurdag 6. september 2014!

Startar klokka 10.00

Lydigheit og kvelpeshow vert på Utstillingsplassen i Ørsta (sjå kart lenger nede)

Agility vert i Olsvika i Ålesund i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb.

I Ørsta vert det BARN og HUND (Kr. 50,-). Påmeldinga skjer på staden.

Kartstevne

Det er påmeldt over 20 forskjellige raser til kvalpeshow. Alle er hjartelege velkomne til å sjå på skue. Ein fin stad å sjå på raser og få eit lite innblikk i korleis utstilling foregår. Torill Dønheim skal dømme i ringen.

Etter kvalpeskuet vert det barn og hund. Dette vil koste 50,- og påmeldinga skjer på staden. Dommaren for denne vert Hege Lystad. Det vert sjølvsagt premiering til vinnaren.

I lydigheit er det 9 ekvipasjar fordelt på klasse 1-3. Her skal Roar Holmen dømme. Ei fin anledning til å sjå på dyktige ekvipasjar utføre lydigheitsprogramma, og kanskje snappe opp nokre tips til eiga trening.

Det vert sal av lett kioskmat, kaffi og brus. Det kostar ingenting å kome inn på området.

Stevnet er sponsa av Royal Canin

.royalcanin.no_logoHP

Nye prisar agility, ny månad!

Miko, Freia og Kamots - aug 14

Denne månaden skal Miko, Freia og Kamots pryde heimesida. Bilete er teke av Hege Lystad.

Snart er det duka for det årlige stemnet i Ørsta og Volda Hundeklubb. I år har me løyst det slik at agililty vert i Olsvika i samarbeid med Sunnmøre Hundeklubb. Det vert dermed ikkje anledning å gå både lydigheit og agility på laurdagen då avstanden vert for stor. Me håpar likevel mange vil stille i lydigheit hjå oss, og ikkje minst delta på kvalpeshow.

Kvalpeshow passar for alle rasehundar mellom 4 månadar til 9 månadar. Dette er ei gyllen anledning til å prøve ut korleis det er å vere på utstilling. I tillegg er det veldig god trening for hunden.

Prisane for agility er endra til 300,-. Dei som allereie har betalt inn vil få tilbakebetalt det dei har betalt for mykje. Dersom du ikkje har meldt deg på ennå, kan du gå inn på denne linken å melde deg på med ein gong.

Vel møtt!

 

Månadens hund og kvalpekurs!

cropped-Juli2014.jpg

Denne månaden pryder dette flotte bilete teke av Hege Lystad heimesida. Me vil gjerne prøve å variere kva hundar som får vere månadens hund. Du kan hjelpe oss med dette ved å sende inn ditt eige bilete til oss på mail; hundeklubben@ovhk.com.

Eg vil også minne om at påmeldinga til kvalpekurset er opna. Informasjon om kurset finn du her.

Påmeldingsfristen for å melde seg på er 14. august, så det kan lønne seg å melde på før ein tek ferie! :-)

God sommar!

Avslutning i ØVHK – Sumar 2014

DSC_0035

Tysdag kveld klokka seks kunne alle som ville møte opp ved grusbana i Ørsta for å vere med på sommaravslutninga til hundeklubben. Veirgudane var ikkje heilt einige med oss denne dagen. Det gjekk frå regn til lett yr. Derfor søkte saueflokken seg inn under tak, slik som flokkdyr som oftast gjer.

DSC_0037

Grillen vart likevel tent opp, og dei som ville kunne legge medbrakt grillmat på. I tillegg til medbrakt hadde folk frå styret med seg litt ekstra gode ting å tygge på. Så sjølv dei som var mette etter dagens middag måtte tvinge ned litt ekstra.

DSC_0041

Etterkvart som magane var fulle var det tid for konkurranse. Fyrst ut var ei lita bane med rallylydigheit. Her vart det dømt på forskjellige handlingar. Vinnar av bana med raskast tid var Else Marie og Rocky. Mest kreative løysinga på bana var til Anette og hennar hund Norah. Heidi og Kira vann for prisen «nybyrjar». Til slutt vant Bjørg og Stasho prisen for Raskaste Disk!

Etter rally var det tid for den årlege konkurransen, sprint. Her var det mange raske hundar. Else Marie og Rocky stakk av med den gjeve 1. plassen. På andre kom Vibecke og Loke, berre eit tidelssekund bak. Bak dei kom Vibecke sin hund nr 2, Pia, og Heidi sin hund Kira likt, nok eit tidelssekund bak. Kira fekk eigen pris for seiersrunda si, medan Roe med hunden sin Grom fekk for Best i Sjarm (BIS).

DSC_0043

Her ser du dei stolte vinnarane samla. Hugs at sjølv om klubben har hatt avslutning vil der fortsatt vere folk på Tussa tysdagane.

God sommar til alle medlemmar!